Psykisk helseteneste i situasjonen rundt koronaviruset:
Psykisk helseteneste i Sveio kommune har open telefonteneste måndag til fredag kl. 08–15.30 på tlf. 53 74 82 22 / 53 74 82 23 / 900 93 551
- Psykisk helseteneste er eit kommunalt helsetilbod til alle som bur og oppheld seg i kommunen.
- Både vaksne og barn kan få tilbod om hjelp. Dette er eit kostnadsfritt lågterskeltilbod ( ikkje behov for henvisning frå lege)
- Me tilbyr samtalar for støtte og rettleiing knytta til psykiske helsevanskar .
- Du kan søka hjelp både om du har kortvarige psykiske vanskar, er i livskrise eller om du har langvarig psykisk sjukdom
Har du sjølvmordstankar
Dersom du opplever at livet kjennest meiningslaust, og du har svært mørke tankar er det viktig å snakke med nokon om dette så raskt som muleg.
I Psykisk helseteneste er me tre spesialsjukepleiarar innan psykisk helsearbeid som kan ta denne viktige samtalen med alle som treng det. Ein av oss har også spesial kompetanse i å snakke med barn og unge.
Me har ingen å miste, så hugs at det alltid går an å få hjelp til å komme seg gjennom og ut av det vonde, uansett kor umuleg det kan kjennast når du opplever krise, stor belastning og/eller har tankar om at du ikkje vil leve. Oftast handlar det om at du mest av alt ønskjer deg vekk frå det som er vondt - og få det betre. Me vil gi deg time til samtale raskt, og svarer på telefon i kontortida: måndag til fredag Kl 08.00 – 15.30.
FASTLEGEN DIN KAN GI DEG ØYEBLIKKELEG HJELP og kan hjelpe deg vidare til akuttmottak i spesialisthelsetenesta( AAT) når det er naudsynt. Psykisk helseteneste kan bistå med å ta kontakte fastlege for vidare henvisning
Utanom kontortid må du ringe LEGEVAKTA: 116 117, eller ved akutthjelp: 113
PSYKISK HELSETENESTE: 53 74 82 22 / 8221 /8223 eller mobil: 900 93 551. E-post: Nancy.Helgesen@sveio.kommune.no
Psykisk helseteneste sine kontor er i administrasjonsbygget ved Sveio Omsorgssenter, Løkjavegen 35, 5550 Sveio