Psykisk helse for barn og unge

Psykisk helseteneste under koronasituasjonen:

Psykisk helseteneste i Sveio kommune har open telefonteneste måndag til fredag kl. 10.00–14.00, på tlf. 53 74 82 23.

Tenesta er open for alle over 18 år utan tilvising frå lege. Me tilbyr samtalar for støtte og rettleiing knytta til psykisk helse. Psykisk helseteneste er eit kommunalt helsetilbod til alle som bur og oppheld seg i kommunen.

Psykisk helse for barn og unge

Mellom 15–20 % av alle barn og unge i Noreg har psykiske vanskar som pregar dei i kvardagen. Blir dette fanga opp tidlig kan barna få hjelp før det utviklar seg meir alvorlege vanskar.

Ta kontakt direkte på telefon eller e-post ved behov for oppfølging, hjelp eller rettleiing. Kontaktinformasjon finn du her.

Samarbeid mellom kommune og spesialisthelsetenesta

Har barnet ditt behov for utgreiing og behandling? Med samhandlingsforløpa skal barn og unge med psykiske helseplager få betre og meir samanhengande helsetenester på tvers av kommune og spesialisthelseteneste. På Helse Fonna si informasjonsside om barn og unge si helseteneste blir det beskrive korleis ulike tenester i både kommune og spesialisthelseteneste arbeider med tilstandsbiletet, og det blir bl.a. gitt konkrete forslag til kartlegging, aktuelle tiltak og samarbeid mellom tenester.

Kva fremmar god psykisk helse hos barn og unge?

  • Nok søvn
  • Regelmessige måltid og eit sunt kosthold
  • Fysisk aktivitet
  • Å ha nokon å snakka med
  • Familien og tryggheit; gode opplevingar med mor, far eller andre nære vaksne
  • Venner og å oppleva fellesskap
  • Å oppleve mestring
  • Fritidsaktiviteter
  • Å klara å setta ord på og finna meining i det som skjer, å ha tru på at det går an å finna løysingar sjølv om det er en svært vanskelig situasjon

Råd til foreldre

  • Sjå
  • Lytt
  • Gi ros
  • Sett grenser
  • Utfordra barnet
  • La barnet kjenna at det er viktig!
  • Hugs at du som forelder er eit førebilete 

Kjelde: Brosjyren "Barn og psykisk helse – gode råd til foreldre og foresatte" (Helsedirektoratet og Mental helse) 

Finn fleire gode råd på Bufdir sine sider "Foreldrekvardag"

Foreldre kan gjera barna sine tryggare

Korleis me er som foreldre har stor betydning for kor trygge barna våre blir. Foreldre kan hjelpa barna sine til å bli mindre sårbare og meir robuste følelsesmessig; det gjer dei betre rusta til å takla motgang og vanskelege situasjonar som dei møter i livet, på ein best mogleg måte. Barn som øver seg på å snakka positivt og oppmuntrande til seg sjølv blir tryggare og mindre nærtakande for andre barn sine kommentarar. Trygge barn søker òg lettare hjelp hos vaksne når dei treng det.

  • Hjelp barnet å kjenna igjen eigne følelsar.
  • Ikkje sei: "Ikkje ver redd!" Anerkjenn heller frykta og tilby hjelp til å overvinna ho. Då blir det lettare for barnet å overvinna frykta.
  • Lær barnet å snakka positivt, oppmuntrande og støttande til seg sjølv i vanskelege situasjonar.
  • Snakk saman om fine ting som har skjedd i løpet av dagen.
  • Legg til rette for gode relasjonar og positive opplevingar med vaksne omsorgspersonar. Då er det lettare for barna å gå til vaksne for å få hjelp når dei treng det.
  • Legg til rette for at barna kan få venner, og la dei ha med venner heim. Vennskap gjer barnet ditt sterkare rusta til å takla motgang.
  • Gode opplevingar treng ikkje vera store. Sett av tid til små, gode kvardagsopplevingar.
  • Oppmuntra til sjølvstendigheit og gi barnet oppgåver det kan meistra.
  • Hjelp barnet til å meistre leik og samspel. Mestring i leik gjer barnet tryggare i møte med motgang seinare.
  • Lær barnet at motgang er noko me kan bruka for å bli sterkare. Livet er ikkje berre lett, og ein får ikkje alltid som fortent.
  • Du kan ikkje unngå at barnet ditt får vonde opplevingar, men du kan påverka korleis barnet taklar det. 
  • Bruk kvardagen til å visa barnet korleis du går fra å blir styrt av "rødtankar" til "grøntankar". Episodar som f.eks. at du blir irritert på deg sjølv for å ha gløymd å kjøpa mjølk eller kor du har lags igjen nøklane. Sei høgt "rødtankane" dine og kva du føler, la deretter "grøntankane" få overtaket og vis barnet ditt korleis du roar deg.

Kjelde: http://solfridraknes.no/

Psykologisk førstehjelp – Sjølvhjelp til barn og ungdom

Psykologisk førstehjelp er eit sjølvhjelpsverktøy for meistring av eigne følelsar. Med "røde" og "grøne" tankar kan barna læra å framsnakka seg sjølv. Verktøyet er utforma som eit skrin og skal læra barn og ungdom enkle sjølvhjelpsteknikkar basert på grunnprinsippa i kognitiv åtdferdsterapi. Det blir fortalt om situasjonar der "rødtankane" blir sterke og øydeleggande, og korleis me kan gi makt til "grøntankane" for å bli meir glade og mindre sinte, triste eller redde. Det er barnepsykologspesialist Solfrid Raknes som har utvikla programmet i samarbeid med sentrale fagfolk innan det norske psykisk-helsevernmiljøet.

Røde og grøne tankar

"Rødtankar" er negative og vonde tankar. "Grøntankar" er tankar som er hjelpsame, og som skapar meir glede og trivnad. Ein må ofte jobba for å finna fram "grøntankar", og jobba enda meir for å gi dei makt og handla i tråd med dei. Omgrepa blir brukt parallelt med det som i kognitiv terapi vanlegvis blir omtalt som negative automatiske tankar og alternative tankar. Følelsar er ikkje alltid gode vegvisarar. Barn treng rettleiing for å forstå kva følelsar dei skal lytta til, og kven som er overdrivne. Sjølv små barn kan lett forstå forskjellen mellom "røde" og "grøne" tankar, men treng hjelp til å snu ein negativ spiral med mange "rødtankar".

Framsnakka seg sjølv

Barn og ungdom kan læra å snakka meir vennleg, respektfullt og konstruktivt til seg sjølv, om dei får litt hjelp til det gjennom sjølvhjelpsmateriell og ei kort opplæring i bruken. Dette kan førebygga psykiske helsevanskar og kan òg bidra til å normalisera vanskelege og tabubelagde tema, slik at dei blir mindre skamfulle og lettare å snakka om.

Hjelpehanda ryddar opp

Hjelpehanda er ein del av verktøyet. Raknes skildrar Hjelpehanda som et ryddesystem: I situasjonar som skaper sterke følelsar, kan det være lurt å laae seg ei oversikt over kva ein kan påverka, og korleis. Hjelpehanda kan bidra til at ein både anerkjenner kvifor ein reagerer som ein gjer, og at ein får hjelp til å komma seg vidare. At ein greier å tenka meir konstruktivt og finner meir lure ting å gjera. Raknes fortel at Hjelpehanda kan brukast i mange ulike situasjonar. Frå at ein f.eks. gruer seg til å halde presentasjonar i klassen, til at ein strever med reaksjonar på foreldra si skilsmisse, eller er i konflikt med venner. 

Anbefalte nettsider

https://www.ung.no

http://www.abup.no/kurs_/selvsnakk-for-elever/

https://www.vfb.no/rad-og-tips/tema/folelser/

Facebook:

https://www.facebook.com/sveiohelsestasjon/

https://www.facebook.com/tryggebarn/

https://www.facebook.com/helsesista/

Kontaktinfo

Ritha Førland
Sveio helsestasjon
Telefon: 53 74 81 23 / 906 47 175
ritha.forland@sveio.kommune.no

Nancy Bøhn Helgesen
Psykisk helseteneste
Telefon: 53 74 82 21 / 900 93 551
nancy@sveio.kommune.no