Psykisk helse for born og unge

Psykisk helseteneste for barn og unge

Ritha Førland er helsesøster og foreldrerettleiar, og har kontortid på ungdomsskulen onsdag og fredag, og er  på Vikse skule torsdag. Marianne Hinderlid er helsesøster på Sveio barneskule mandag, tirsdag og fredag. Grethe Natås er på Førde skule måndag og Cathrine Selsås er på Auklandshamn skule onsdag, og Valestrand fredag. Helsesøstrene er ellers tilgjengelige på helsestasjonen.

Nancy Bøhn Helgesen er spesialsjukepleiar innan psykisk helsearbeid, og har 60% av stillinga retta mot til barn/unge. Nancy fast tid på ungdomsskulen kvar mandag, og er rundt på barneskulane og barnehagane etter avtale. Har kontor hos psykisk helseteneste (v/ omsorgssenteret) dei andre dagane.               

Psykisk helseteneste og helsesøstertenesta har tett samarbeid, og har fordelt  dagane slik at elevane har eit tilbod fleire dagar i veka, dersom dei har det vanskeleg. Både skulehelsetenesta og psykisk helseteneste er eit lågterskeltilbod. Det vil sei at ein ikkje treng henvisning frå lege for å få time. Dei føresette kan henvenda seg direkte, eller via lærar. Eleven kan komme åleine, eller saman med foreldra. Me ser på tett samarbeid med dei føresette som svært viktig for å styrke den psykiske helsa til barna.

Me har taushetsplikt, og  dersom det er aktuelt med samarbeid med andre instansar for å tilrettelegge for eit best mulig tilbod for barnet, gir dei føresette samtykke om kven me eventuelt  kan samarbeide med.

15-20 % av alle barn/unge i Norge har psykiske vanskar som pregar dei i kvardagen. Blir vanskane fanga opp tidlig kan barna få hjelp før det utviklar seg meir alvorlege lidingar. Barna kan komme å snakke om alt  som opplevest vanskeleg. Eksempler: Konfliktar i vennegjengen, mobbing, ensomhet, sorg, samlivsbrudd i familien, redsel, nedstemthet, spiseforstyrrelse, sjølvskading o. l.

Me legg stor vekt på den helsefremmande delen i arbeidet, og ønskjer å sette fokus på kva ein kan gjere for å ha ei god psykisk helse. Me bruker ofte «psykologisk førstehjelp – skrinet» som verktøy i samtalane ( sjå nedanfor). Livet går opp og ned, og overgangsfasar som f.eks. flytting/oppstart på ny skule kan vere vanskeleg for mange. Alle opplever tunge periodar i livet, men som oftast går det over av seg sjølv. Dersom dette varer over fleire veker / månader er det viktig å vite at ein kan be om hjelp.

Psykisk helseteneste/ helsestasjonen har også tilbod om familiesamtalar der foreldre kan bestille time og komme til samtalar saman med barnet, eller dei kan komme til samtaler/ veiledning (utan barnet.) Me kan også hjelpe til med vidare henvisning til BUP dersom dette er aktuelt.

I tillegg til individuell oppfølging av barn og unge, kan me og gi tilbod om barnegrupper. Hovudmålet med gruppene er å hjelpe barna/ungdommane til å få eit betre sjølvbilde, auka tru på seg sjølv, ta rette val og lære å sjå konsekvensane av feil val.

Kva fremmer god psykisk helse hos born/unge

  • Å ha nokon å betru seg til!
  • Familien! Trygghet. Gode opplevingar med mor / far / andre nære vaksne
  • Venner! Ein eller fleire nære venner
  • Oppleveling av meistring!  - Ein fritidsaktivitet dei likar!
  • Klarar å sette ord på og finne mening i det som skjer, og ha tru på at det går an å finne løysningar sjølv om det er en svært vanskelig situasjon.
  • Nok søvn!
  • Spise regelmessig! Sunt kosthold!
  • Fysisk aktivitet!

Råd til foreldre:SJÅ! LYTT!  GI ROS!  SETT GRENSER! UTFORDRE BORNET! LA BORNET FØLE AT DET ER VIKTIG!  HUGS AT VI SOM FORELDRE ER FORBILDER! 

Kilde: brosjyren: «Barn og psykisk helse. Gode råd til foreldre og foresatte» (helsedirektoratet og mental helse) Ta kontakt om du ønsker denne brosjyren

------------------------------------------------------------------------

Psykologisk førstehjelp- Selvhjelp til barn og ungdom

Psykologisk førstehjelp er eit sjølvhjelpsverktøy for meistring av eigne følelsar. Med røde og grønne tankar kan barna lære å framsnakke seg sjølv. Verktøyet er utforma som eit skrin og skal lære born og ungdom enkle selvhjelpsteknikker. Det er barnepsykologspesialist Solfrid Raknes som har utviklet skrinet i samarbeid med sentrale fagfolk innen det norske psykisk-helsevernmiljøet. Psykologisk førstehjelp kan kjøpast på bokhandel og på internett. Se vfb.no

Psykologisk førstehjelpsskrin

Materiellet er utforma som et skrin i tre versjoner. En barneversjon for aldersgruppa 8 – 12 år, og en ungdomsversjon for aldersgruppa 12 – 18 år. Psykologisk førstehjelp kan brukast i private heimar og vert av mange brukt i første- og andrelinjen i helsevesenet. I tillegg blir det i aukande grad brukt i skulen.  I 2014 kom ein eigen versjon for 4-7 åringer

Psykologisk førstehjelp består av:

  • To figurer, rød og grønn som symboliserer Rødtankar og Grønntankar
  • Ein samling ark med ”hjelpehender” for utfylling
  • Eit hefte, som forklarar grunnprinsippene i kognitiv atferdsterapi ved hjelp av enkle tekstar og tegikningar. Heftet fortel om situasjonar der Rødtankane blir sterke og ødeleggande, og korleis vi kan gi makt til Grønntankene for å bli mer glade og mindre sinte, triste eller redde.

Røde og grønne tanker

Rødtanker er negative og vonde tankar. Grønntankar er tankar som er hjelpsame, og som skapar meir glede og trivnad. Ein må ofte jobbe for å finne fram grønntankar, og jobbe enda meir for å gi dei makt og handle i tråd med dei.  (Dei vert brukt parallelt med det som i kognitiv terapi vanligvis vert omtalt som negative automatiske tankar og alternative tankar. )

- Følelsar er ikkje alltid gode vegvisarar. Born må ha rettleiing for å forstå kva følelsar dei skal lytte til, og kva som er overdrevet. Selv små barn kan lett forstå forskjellen mellom røde og grønne tankar, men trenger hjelp til å snu en negativ spiral med mange røde tanker.

I nokr situasjonar er det nyttig å øve på å forholde seg til tankane våre som noko utanfor oss sjølv, og til det er figurane og hjelpehendene gode virkemidler. Det kan hjelpe oss til å gi meir plass til de tankane vi ønskjer.

Hjelpehanda rydder opp

Hjelpehånden er ien del av verktøyet. Raknes skildrar Hjelpehånden som et ryddesystem; I situasjoner som skaper sterke følelser, kan det være lurt å lage seg oversikt over kva ein kan påvirke, og korleis. Hjelpehanden kan bidra til at en både anerkjenner kvifor ein reagerer som ein gjer, og at ein får hjelp til å komme seg vidare. At ein greier å tenke mer konstruktivt og finner meir lure ting å gjere.

Ho fortel at hjelpehanden kan brukes i mange ulike situasjoner. Frå at ein til dømes gruer seg til å halde presentasjoner i klassen, til at ein strever med reaksjonar på foreldrene si skilsmisse, eller er i konflikt med venner. 

http://www.abup.no/kurs ( anbefaler dette til både barn og foreldre)      
 

Framsnakke seg selv

Born og ungdom kan lære å snakke meir vennleg, respektfylt og konstruktivt til seg sjølv, om dei får litt hjelp til det gjennom selvhjelpsmateriell og en kort opplæring i bruken.  Dette kan forebygge psykiske helsevanskar. 

Ho fortel at førstehjelpsskrinet også bidrar til å normalisere vanskelege og tabubelagte tema, så dei blir mindre skamfulle og lettare å snakke om.

Foreldre kan gjere barna sine tryggare

- Korleis vi er som foreldre har stor betydning for kor trygge barna våre blir. Foreldre kan hjelpe barna sine til å bli mindre sårbare og mer robuste følelsesmessig, det gjør dei betre rusta til å takle motgang og vanskelige situasjonar som dei møter i livet, på en best mogeleg måte. Born som øver seg på å snakke positivt og oppmuntrende til seg sjølv blir tryggare og mindre nærtakande for andre born sube bemerkningar. Trygge born søker også lettare hjelp hos vaksne når dei treng det, poengterer Solfrid Raknes.

Raknes har følgende tips til foreldre:

  • Hjelp barnet å kjenne igjen eigne følelsar.
  • Ikkje sei: Ver ikkje redd! Men anerkjenn frykta og tilby hjelp til å overvinne den. Då blir det lettare for barnet å overvinne frykta.
  • Lær barnet å snakke positivt, oppmuntrende og støttende til seg sjølv i vanskelige situasjonar.
  • Snakk saman om fine ting som har skjedd i løpet av dagen.
  • Legg til rette for gode relasjonar og positive oppleveingar med vaksne omsorgspersonar. Då er det lettere for dem å gå til voksne for å få hjelp når de trenger det.
  • Legg til rette for at barna kan få venner, og la dem ha med venner hjem. Vennskap gjør barnet ditt sterkere rustet til å takle motgang.
  • Gode opplevelser trenger ikke være store. Sett av tid til små, gode hverdagsopplevelser.
  • Oppmuntre til selvstendighet og gi barnet oppgaver det kan mestre.
  • Hjelp barnet til å mestre lek og samspill. Mestring i lek gjør barnet tryggere i møte med motgang senere.
  • Lære barnet at motgang er noe vi kan bruke for å bli sterkere. Livet er ikke bare lett, og man får ikke alltid som fortjent.
  • Du kan ikke unngå at barnet ditt får vonde opplevelser, men du kan påvirke hvordan barnet takler dem. 
  • Bruk hverdagen til å vise barnet hvordan du går fra å blir styrt av Rødtanker til Grønntanker. Episoder som for eksempel at du blir irritert på deg selv for å ha glemt å kjøpe melk eller lagt igjen nøklene. Si høyt dine Rødtanker og hva du føler, la deretter grønntankene få overtaket og vis barnet ditt hvordan du roer deg.

Kilde: voksne for barn: vfb.no          http://www.vfb.no/no/vi_tilbyr/psykologisk_forstehjelp/

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 30.01.2017

Kontaktinfo

Ritha Førland
Sveio helsestasjon
Telefon: 53 74 81 23 / 906 47 175
ritha.forland@sveio.kommune.no

Nancy Bøhn Helgesen
Psykisk helseteneste
Telefon: 53 74 82 21 / 900 93 551
nancy@sveio.kommune.no