Psykisk helseteneste for vaksne Dersom du treng akutt psykisk helsehjelp, ring fastlege, legevakta: 116 117, eller 113 om det er akutt fare for liv og helse. Psykisk helseteneste er eit kommunalt helsetilbod til alle som bur og oppheld seg i kommunen. Det er eit kostnadsfritt lågterskeltilbod ( ikkje behov for henvisning frå lege) Dette er ikkje akutt- teneste Både vaksne og barn kan få tilbod om hjelp. Me tilbyr terapeutiske samtaler og støttesamtalar. Du kan søka hjelp både om du har kortvarige psykiske vanskar, er i livskrise eller om du har langvarig psykisk sjukdom Målsetting med den psykiske helsetenesta Rask psykisk helsehjelp, tidleg innsats Støtte og rettleiing for meistring av psykiske vanskar, belastningar, traumer og kriser. Førebygga langvarige psykiske vanskar. Informasjon: Informasjon om psykisk helse på helsenorge.no Informasjon og sjølvhjelpsvideoar på kognitiv.no Hjelp til unge pårørende på ungeparorende.no Kompetansesenter mot seksuelle overgrep på nokbergen.no Avdelingsleiar for psykisk helseteneste: Nancy Bøhn Helgesen E-post: Nancy.Helgesen@sveio.kommune.no Telefon: 53 74 82 22 ( eller sms: 900 93 551) Publisert av Vibeke Berge Vierdal Publisert 24.03.2021 13.11