Psykisk helse

Psykisk helseteneste er eit kommunalt helsetilbod til alle som bur og oppheld seg i kommunen

Målsetting med tenesta

  • Hjelp til gode levekår og livskvalitet
  • Hjelpa skal bidra til at du vert mest mogeleg sjølvhjelpen i dagleglivet

Kven kan få hjelp ? 

Tilbodet er retta mot menneske som har psykiske helseproblem – du kan søkje hjelp både om du har langvarig psykisk sjukdom, om du har kortvarige psykiske vanskar – alvorlege eller lettare problemstillingar.  Psykisk helseteneste tilbyr veiledning/støttesamtalar med spesialsjukepleiar, og annan oppfølging dersom det er behov for det. Tenesta, som består av tre spesialsjukepleiarar  innan psykisk helsearbeid,  samarbeider tverrfagleg med andre instansar  når det er relevant, og  dersom tenestemottakaren samtykkjer i det.  

Både vaksne og barn frå skulealder kan få tilbod om psykisk helsehjelp frå Psykisk helseteneste, og det er kostnadsfritt. 

Slik kan du få kontakt med Psykisk helseteneste:

Helsetilbodet gjeld både lågterskelteneste og vedtaksbasert teneste.  Det vil seie  at den som ønskjer hjelp kan ta direkte kontakt med tenesta i kontortida, eller du kan søkje skriftleg eller munnleg til Tenestekontoret for helse- og omsorg.  Du kan også  be fastlegen, helsesøster eller andre om å formidle hjelp.  Søknadsskjema kan du få ved å henvende deg til  Tenestekontoret, Offentleg servicekontor på kommunehuset eller link under.

Utanom kontortid er det  LEGEVAKTA  du må henvende deg til: 116 117

Telefonnummeret til Psykisk helseteneste er:  53 74 82 22

Avdelingsleiar Psykisk helseteneste Bente Hovland Johannessen
bente.h.johannessen@sveio.kommune.no  53 74 82 22

Psykiatrisk sjukepleiar Ingunn Rydningen 53 74 82 23

Psykiatrisk sjukepleiar Nancy Bøhn Helgesen 53 74 82 21

Slik søker du:

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Søknaden skal du sende til: 
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio.

Kriseteamet

Spesialsjukepleiar innan psykisk helse, prest og lege er basisgruppa i kriseteamet.  Andre fagpersonar kan tiltre i teamet etter behov.  Kriseteamet kan ved større krisehending tilby krisehjelp til enkeltpersonar eller familienettverk og andre grupper når dei involverte opplever å ha behov for fagleg hjelp og støtte gjennom ei krise.  Når barn er involverte kan også helsesøster delta i kriseteamarbeidet.

Kriseteamet kan også tiltre utanom kontortid dersom det er behov for det.  Teamet inngår ikkje i vaktordning, og må utanom kontortid kontaktast gjennom legevakt, politi, vakthavande prest eller kriseleiinga i kommunen



 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 14.03.2017