Miljø og mestringstenesta

Miljø-og mestringstenesten er eit kommunalt tenestetilbod til vaksne over 18 år som bur i kommunen. Me skal bidra til betre levekår for personar med eit rusmiddel og/eller psykisk helseproblem, eller dei som av andre grunnar har utfordringar med å takle dagliglivet. Me ønskjer å fremme mestring av eige liv. Brukaren er den viktigaste aktøren og me legge vekt på god relasjon mellom brukar og tenesteutøvar.

Miljø- og mestringstenesta er organisert under heimetenesta.

Tilbod det må søkast om:

  • Mestring av det daglege i eigen bustad.
  • Oppfølging av personar som er under legemiddelassistert rehabilitering (LAR)

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Søknaden skal du sende til: 
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio.

Tenestene blir tildelt etter behov, og tilbodet kan variera i omfang og innhald.

Tilbod utan søknad:

Miljø og mestringstenesta driv eit dagsenter for ulike grupper for sosialt samvær, eller for å delta på ulike aktivitetar eller grupper. Det blir lagt stor vekt på at dette er ein møtestad der alle skal trivast. Ta gjerne kontakt og gjer ein avtale før fyrste besøk.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 10.11.2016

Kontaktinfo

Fagansvarlig:
Inga Turid Hermans
mob: 900 64 862

Linda Lynn Ytrøy
mob: 900 22 448

Annette Haukås
mob: 489 97 057

Besøksadresse:
Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter

Telefon heimetenesta:
Ann Merete Habbestad,
telefon 53 74 82 51