Korttidsplass på sjukeheim

Korttidsopphald er eit målretta og tidsavgrensa opphald på Sveio Omsorgssenter.

Det skilles mellom tre typar av korttidsopphald:

  • Korttidsopphald  
  • Rehabiliteringsopphald
  • Avlastningstilbod

Målgruppe:

Personar som har behov for opptrening/rehabilitering, betre allmenntilstand, observasjon og vurdering.

Kriteriar/vilkår:

Opphald kan tildelast for følgande formål: Opptrening/rehabilitering/utgreiing og observasjon. Fokus på ernæring og allmenntilstand. Pleie ved livets slutt.

Pris for tenesten:

Det kostar kr 155,- i eigenandel pr døgn inntil 60 døgn, deretter overtar vederlagavgift.

Lovverk:

Dette er ein lovpålagt teneste.

Slik søker du:

Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen. Det må liggje føre ein skriftleg søknad.

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Søknaden skal du sende til: 
Sveio kommune v/Tenestekontoret, Løkjavegen 35, Sveio Omsorgssenter, 5550 Sveio.

Tenestekontoret behandlar søknaden og det kan i samband med dette bli gjort eit heimebesøk med kartlegging av søkjar sin heimesituasjon 

Saksbehandlar ved Tenestekontoret kan hjelpa deg å utforme ein skriftleg søknad.
Viss ein annan søker på vegne av deg, må vedkommande ha fullmakt. Søknaden må bli signert av deg.

Les meir om tenestekontoret her

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 09.01.2017

Kontaktinfo

Sveio omsorgssenter
Løkjavegen 35, 5559 Sveio
Telefon: 53 74 82 00

Einingsleiar:
Hildegunn Lindaas
Telefon: 53 74 82 30
 

Tenestekontoret
Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08:30-15:00

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse:Løkjavegen 35, Sveio omsorgssenter
Postadresse: Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Ekspedisjonstid: Mån.-fre. 08:30-15:00