Tenestekontoret

Forvaltning av helse- og omsorgstenester.

Tenestekontoret (TK) har ein servicefunksjon og skal behandla alle søknadar som gjeld helse- og omsorgstenester i kommunen.

Du søker om alle helse- og omsorgstenester i Sveio gjennom Tenestekontoret  

Tenestekontoret skal utføra saksbehandling og vedtak etter helse- og omsorgstenesteloven og skal sikra brukarar som oppheld seg i kommunen nødvendig helsehjelp når det er behov for det.

Kva tilbyr me?

Ved Tenestekontoret får du som har behov for helse- og omsorgstenester svar på spørsmål, hjelp til søknadar og informasjon om tenestane. Me skriv vedtaka som bestemmer kva tenester du får, og kor mykje og kor ofte den som søker kan forventa å få tenester. Tenestekontoret kan òg hjelpa med å føra fram klage dersom brukar har behov for det.

Koordinerande eining

Koordinerande eining skal bidra til å sikra heilskaplege og koordinerte tenestetilbod. Dette krev god samhandling internt i kommunen mellom fastlegar, andre sektorar og spesialisthelsetenesta.

Eininga har overordna ansvar for arbeidet med individuell plan og koordinator.

Kva kan du søka om?

  • Korttidsopphald i institusjon
  • Langtidsopphold i institusjon
  • Praktisk bistand / heimehjelp
  • Heimesjukepleie
  • Psykisk helseteneste
  • Avlastning til funksjonshemma
  • Matombringing
  • Tryggleiksalarmar
  • Individuell plan/koordinator
  • Miljøarbeid
  • Støttekontakt
  • Dagsenter
  • Omsorgsbustad
  • Kvardagsrehabilitering
  • Pårørandestøtte/omsorgsstønad
  • Brukarstyrt personleg assistent
  • Ledsagarbevis

Informasjon om kommunen sine tenestetilbod kan du finna her.

Søknad om helse-og omsorgstenester

For å søka helse- og omsorgstenestar frå Sveio kommune må du senda søknadskjema:

Gå til søknadsskjema (PDF, 167 kB)

Gå til søknad om koordinator / individuell plan (PDF, 70 kB)

Søknaden skal du senda til:

Sveio kommune v/Tenestekontoret
Sveio omsorgssenter,
Løkjavegen 35
5550 Sveio

Saksbehandlingstid

Søknader blir behandla fortløpande. Kommunen har plikt til å behandla saken så snart som mogleg. Dersom saken ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg svar om årsaken til dette, med opplysningar om når ein antar at vedtaket vil bli fatta, jf. forvaltningsloven sine føresegner om saksbehandling.

Klagegang

Du kan klaga på vedtak med ein frist på tre veker frå du mottar vedtaket. Klagen sender du til Tenestekontoret. I klagen skal du angi kva du ønsker endra i vedtaket og begrunna dette. Tenestekontoret vil behandla søknaden på ny og vurdera om det er grunn til å endra vedtaket. Dersom klage ikkje fører til endra vedtak, blir saka oversend til Fylkesmannen i Vestland for endeleg vurdering og avgjerd.  

Kontaktinfo

Tenestekontoret

Telefon: 53 74 82 20
Telefontid: 08.30–15.00

E-post: tenestekontoret@sveio.kommune.no

Besøksadresse:
Sveio omsorgssenter
Løkjavegen 35

Postadresse:
Løkjavegen 35
5550 Sveio

Ekspedisjonstid:
Mån.–fre. kl. 08.30–15.00