Høyringar og kunngjeringar
Publisert 05.03.2019

Sveio kommmune har fatta vedtak, i medhald av §§ 12-10 og 12-11 i plan- og bygningslova, om å leggje privat detaljregulering for gnr. 40 bnr. 224 «Sveiåsen 3» ut til offentleg ettersyn.

Publisert 11.07.2018

Statens vegvesen har utarbeida forslag til reguleringsplan med konsekvensutgreiing i samband med eit investeringsprosjekt i Haugalandspakken. Planen gjeld bygging av ny Fv 47 mellom Haugesund og Sveio. Planområdet strekker seg frå Fagerheim i Haugesund til Ekrene i Sveio. 

Publisert 05.06.2018

Sveio kommune varslar, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, om oppstart av arbeid med detaljregulering for badeanlegg i Sveio sentrum på gnr. 40 bnr. 59 m.fl.Det har tidlegare vore varsla oppstart av planarbeid for badeanlegget med plassering ved Albatross/golfbanen (nord i sentrum), men dette arbeidet er no lagt ned etter vedtak i Sveio kommunestyre (i møte 28.05.2018, sak 034/18). Vedtaket viser ny plassering på eit meir tilgjengeleg og sentrumsnært areal.

Publisert 13.03.2018

Bremnes Seashore AS har søkt om å få auka godkjend MTB på lokaliteten Tittelsnes frå 2340 til 3120 tonn. Det er ikkje søkt om anna endring. Lokaliteten har 6 merdar med 160 meters omkrins. Søknaden er grunngjeven med utsett av storsmolt og at det vil gje betre kontroll på lakselus og betre fiskehelse.