DETALJREGULERING FOR NORDRE BUVIKA, GNR. 3 BNR. 1.

Sveio kommune har fatta vedtak om å leggja privat detaljregulering for gnr. 3 bnr. 1 mfl. ut til offentleg ettersyn, i medhald av §§ 12-10 og 12-11 i plan- og bygningslova.

 

Planforslaget er stort sett i samsvar med kommuneplanen, der store delar av området ligg som byggjeområde for fritidsbustader. Planområdet omfattar også eksisterande reguleringsplan for fritidsbustader, småbåthamn m.m, planid 1998002. Planområdet er på om lag 135 dekar og forslaget syner mellom anna byggjeområde for fritidsbustader, naust, vegareal, parkering, gangvegar, rasteplass, grønstruktur, badeområde, småbåtanlegg i sjø og småbåthamn. I tillegg er det lagt inn omsynssone for kulturminne.

 

Planforslaget er ei revisjon av planforslag som var lagt ut til offentleg ettersyn i mars 2018. Alle innspel og merknader som var motteke i den samanheng vert teken med i det vidare arbeidet.  

 

Planframlegget ligg til offentleg ettersyn i 6 veker, i tidsrommet 31.01.2019 – 14.03.2019.

 

Eventuelle merknader vert å senda på e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller med

brev til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio innan 14.03.2019.

Publisert av Viktoria Rush Lien. Sist endra 31.01.2019