Frivilligplan til offentleg ettersyn

Hovudutval oppvekst/kultur vedtok i april 2018 (sak 020/18) at Sveio kommune skal utarbeida ein frivilligplan, og at planen skal leggjast ut til offentleg ettersyn våren 2019. Nå ligg planforslaget til «Frivilligplan for Sveio 2019 – 2022» føre. Det overordna målet med planarbeidet er å ta vare på og utvikla frivillig engasjement som ein viktig ressurs i Sveio.


Forslaget ligg òg i Servicekontoret på kommunehuset, og på biblioteket.

Frist for å kome med merknadar er 1. april 2019.

Eventuelle merknadar til planforslaget skal vera skriftlege og sendast som e-post til postmottak@sveio.kommune.no, eller som brev til Sveio kommune, postboks 40, 5559 Sveio.

 

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 02.05.2019