Fylkesveg 6 Grimstveit–Sveio sentrum - oppstart av planarbeid

Høyringsfrist utgått

I medhald av Plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det gitt varsel om at Statens vegvesen, i samarbeid med Sveio kommune, skal i gong med reguleringsplanarbeid for fylkesveg 6 på strekninga Sveio sentrum – Grimstveit i Sveio kommune.

Formålet med planarbeidet er å betre trafikktryggleiken for alle trafikantar på strekninga. Dagens veg er smal og har uheldig kurvatur, linjeføring og stigningsforhold. Vegen manglar også eige tilbod for gåande og syklande på strekninga, med unntak av 450 meter gang- og sykkelveg lengst sør. Det er også eit mål å redusere talet på avkøyrslar på strekninga.

Statens vegvesen har fått utarbeida eit forprosjekt som skal leggast til grunn i planarbeidet. Forprosjektet peikar på at utbetra veg bør leggast i ny trasé på det meste av strekninga, ei justering opptil 400 meter austover. Eksisterande veg vert liggande att som lokalveg og som tilbod for gåande og syklande. Det er ikkje tatt stilling til om busstrafikk skal fylgje ny eller eksisterande veg. Sør i planområdet, frå fv. 47 til Åse, vil eksisterande veg bli utbetra, og langsgåande gang- og sykkelveg etablert.

Avgrensing av planområdet er vist på vedlagd kartutsnitt og utgjer ei strekning på omlag 5,2 km veg.

Planarbeidet er i samsvar med intensjonen i kommuneplanen, og Sveio kommune har vurdert at planen ikkje vil få vesentleg verknad for miljø og samfunn. Det vert derfor ikkje utarbeida planprogram i medhald til § 4-1 i plan- og bygningslova.

 

Reguleringsplanen skal erstatte delar av gjeldande plan lengst nord, godkjent 2013, då denne planen la opp til å fylgje eksisterande vegtrasé vidare sørover frå Grimstveit. Ny reguleringsplan vil også grense til og eventuelt erstatte delar av gjeldande planar sør i planområdet (kommunedelplan Sveio sentrum, reguleringsplanar for Gjermundshaugen og Steinartjørna).

Eventuelle spørsmål kan rettast til Norconsult AS v/Lars Roald Kringeland (tlf. 454 04 716). Synspunkt, merknader eller andre relevante opplysningar kan sendast til:

Norconsult AS v/ Lars Roald Kringeland Pb. 458, 5501 HAUGESUND
eller: e-post: lars.roald.kringeland@norconsult.com innan 12.juni 2017

Sjå vedlegg øverst til høgre.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 25.08.2017