Godkjent detaljregulering for badeanlegg i Sveio sentrum, gnr. 40 bnr. 59 m.fl.

Sveio kommunestyre har i møte 18.02.2019, sak KOM-005/19, i medhald av plan- og bygningslova § 12-12, godkjent detaljregulering for badeanlegg mv. på gnr. 40 bnr. 59 m.fl.

Føremålet med planen er å leggja til rette for nytt badeanlegg i Sveio sentrum. Planen viser føremål for offentleg tenesteyting (badeanlegg/kommunehus mv.), sentrumsfunksjonar, veganlegg, gang- og sykkelveg og omsynssoner.

 

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland innan tre veker frå denne kunngjeringa, jf. pbl § 12-13. Eventuell klage må vera grunngjeven og skal sendast til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio, eller til postmottak@sveio.kommune.no. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-3 og 15-3 må vera sett fram innan tre år.

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 26.02.2019