Godkjent reguleringsplan for gnr. 40 bnr. 407 mfl. Nordre avkøyring til Sveio sentrum – Fv6/Fv47

Sveio kommunestyre har i møte 01.10.2018, i medhald av plan- og bygningslova § 12-12, sak KOM- 080/18, godkjent reguleringsplan for gnr. 40 bnr. 407 mfl. Nordre avkøyring til Sveio sentrum – Fv6/Fv47, i Sveio kommune.

Planen er stort sett i samsvar med gjeldande kommuneplan/kommunedelplan for området, og skjer i hovudsak på som utbetring av eksisterande veganlegg. Planområdet er på om lag 36 dekar og forslaget syner mellom anna samferdselanlegg og teknisk infrastruktur, samt noko grønstruktur og LNF-område.

Kommunestyret sitt vedtak kan klagast på til fylkesmannen i Hordaland innan tre veker frå denne kunngjeringa, jf. PBL § 12-13. Eventuell klage må vera grunngjeven og skal sendast til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 eller til postmottak@sveio.kommune.no.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing etter PBL §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram innan tre år.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 09.10.2018