Høyring - lokal forskrift om rett til sjukeheimsplass

Ill.bilde helse og omsorg - Klikk for stort bileteIll.bilde helse og omsorg Ida Kristin Vollum

Forskrift om rett til langtidsopphald i sjukeheim i Sveio kommune, kriteriar og ventelister.

Bakgrunnen for forskrifta er lovendring i pasient-og brukarrettighetsloven og helse -og omsorgstenesteloven om rett til opphald i sjukeheim mm. som trer i kraft 1.juli 2017

Lovendringa er vedtatt for å betre rettstillinga til pasientar og brukarar når det gjeld retten til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskild tilrettelagd for heildøgns tenester. Lovendringa gjer det klart at pasientar eller brukarar har rett til slikt opphald dersom det etter ei helse-og omsorgsfagleg vurdering er det einaste kommunale tilbodet som kan sikra pasienten og brukaren nødvendig og forsvarleg helse-og omsorgstenester.

Heimel:

Fastsett av Sveio kommune  19.06.17 med heimel i lov 24.juni 2011 nr 30 om kommunale helse-og omsorgstenester mm.§ 3-2 a andre ledd, jf lov om 2.juli 1999 nr 63 om pasient-og brukarrettigheter (pasient –og brukarrettighetsloven) § 2-1 e.

§1 Formål

Fomålet med forskrifta er å få ein oversikt over behovet for langtidsopphald i sjukeheim, samt bidra til forutsigbarheit og åpenheit rundt kriteriane som Sveio kommune legg til grunn for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim.

Forskrifta skal vidare klargjera korleis Sveio kommune skal følgje opp personar som står på venteliste til langtidsopphald i sjukeheim.

§2 Verkeområde

Forskrifta gjeld alle som bur eller oppheld seg i Sveio kommune, og som har eit varig, omfattande og døgnkontinuerleg pleie-og omsorgsbehov som ikkje kan ytast godt nok i eigen heim eller annan tilpassa bustad. Pasient får då vedtak om langtidsopphald i sjukeheim.

§3 Definisjonar

Langtidsopphald i sjukeheim: Opphald utan sluttdato er opphald der pasienten sin helsetilstand og behov for helse-og omsorgstenester gjer at det ikkje er sannsynleg at vedkommande vil flytte heim eller få tilbod om lavere nivå av helse-og omsorgstenestar.

Opphald i bustad som er særskildt tilrettelagt for heildøgnsomsorg vert i denne samanheng å å sjå på som likeverdig med opphald i sjukeheim. Slik tilrettelegging vil kunne omfatte :

  • Døgnkontinuerleg teneste
  • Tilsyn med brukar/bebuar slik dette føregår i sjukeheim
  • Motta tenester frå personale med same kompetanse som i sjukeheim
  • Mogeleg å tilkalle hjelp med same responstid som i sjukeheim

Venteliste langtidsopphald i sjukeheim: er ei oversikt over pasientar som etter søknad har fått vedtak om at dei fyller kriteriane til langtidsopphald i sjukeheim, og det samstundes er vurdert at vedkomande med forsvarleg hjelp kan bu heime i påvente av langtidsopphald. Venteliste er ikkje eit kø-system, og plass på venteliste gir ikkje fortrinnsrett til ledig plass i sjukeheim jf.§7.

§4 Generelt om saksbehandling vedrørande søknad om langtidsopphald i sjukeheim

Langtidsopphald i sjukeheim er eit høgare omsorgsnivå enn helse-og omsorgstenester i heimen. Langtidsopphald i sjukeheim skal fortrinnsvis vera eit tilbod til personar over 67 år. Kommunen skal samhandla med pasient og brukar, deira pårørande og eventuet verge i tildelingsprosessen. Følgjande må vera avklart før ein søknad kan bli vurdert:

  • Søkar sitt ønskje må kartleggjast og avklarast i høve til prinsippet om brukarmedverknad
  • Pleie- og omsorgsbehovet må kartleggjast
  • Det må innhentast nødvendige opplysningar frå kommunehelsetenesta, fastlege, spesialisthelsetenesta, pårørande og andre aktuelle instansar
  • Søknad må underteiknast av søkjar, eventuelt verge om søkjar ikkje har samtykke- kompetanse

Mynde til å fatte vedtak er delegert til rådmannen eller den/dei han delegerer slik mynde til.

§ 5 Kriterier for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim.

Hovudkriteriet for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim er at alle andre aktuelle hjelpetiltak er vurdert eller utprøvd. Pasient eller brukar må vera varig ute av stand til å ta vare på seg sjølv , og ikkje lenger meistra dagleglivet sine gjeremål på grunn av mentalt eller fysisk funksjonstap. Om pasienten får tildelt langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskild tilrettelagd for heildøgns tenester, vil vere avhengig ei heilskapsvurdering der følgjande moment inngår:

  • ei kartlegging av søkjar sitt eige ønskje
  • kor omfattande behovet for helse –og omsorgstenester er
  • kva type helse-og omsorgstenester det er behov for
  • om det er nødvendig med tenester, tilsyn eller at hjelpepersonell må vere tilstades gjennom heile døgnet eller med korte mellomrom
  • pasienten eller brukar si evne til sjølv å tilkalla hjelp ved behov
  • grad av kognitiv svikt og korleis den verkar inn på brukar si evne til å ta omsorg for seg sjølv, mellom anna i høve til : 
    - fallrisiko
    - ernæring
  • om alternativ til opphaldet er sjukeheim er aktuell, til dømes:
    - helse –og omsorgstenester i heimen
    - kvardagsrehabilitering, dagsenter
    - tilrettelegging i heimen
    - hjelpermidlar og velferdsteknologiske løysingar
    - avlastande tiltak
    - korttidsopphald i sjukeheim
    - tilbod om omsorgsbustad
    - pasienten eller brukaren sine ressursar og nettverk

     
  • om geografiske forhold eller til dømes fysiske tilhøve i eigen heim ikkje legg til rette for å kunne gi  forsvarleg helsehjelp

§ 6 Rett til vedtak og rett til å stå på venteliste

Pasient eller brukar har rett til vedtak om opphald på sjukeheim dersom dette, etter ei helse-og omsorgsfagleg vurdering, er det einaste tilbodet som kan sikra pasienten nødvendige og forsvarlege helse-og omsorgstenester.

Pasientar eller brukarar som har fått vedtak om at dei fyller kriteriene for langtidsopphald, men som med forsvarleg hjelp kan bu heime medan ein ventar på plass på sjukeheim, vil få vedtak med avslag om langtidsopphald i sjukheim, men vil samstundes få vedtak om rett til å stå på venteliste. Vedtaket skal innehalda oversikt over dei helse-og omsorgstenester som vil bli gitt i ventetida. Tenestene som blir ytt i ventetida, skal ligge på eit nødvendig og forsvarleg nivå.

§ 7 Oppfølging av pasientar eller brukarar på venteliste

Tenestekontoret har ansvar for at pasientar og brukarar som står på kommunen si venteliste for langtidsopphald, fortløpande blir vurdert og evaluert i høve til eventuelle endringar i helsetilstand og funksjonsnivå slik at rett hjelpetiltak t.d. i form av plass i sjukeheim vert gitt. Utfallet av slik vurdering kan også verte at det er forsvarleg at vedkommande framleis står på venteliste.

Langtidsopphald på sjukeheim blir tildelt den pasient eller brukar som blir vurdert å ha størst behov for plassen som blir ledig. Pasient eller brukar som har fått enkeltvedtak om å få stå på venteliste, må difor pårekna at pasientar eller brukarar med større behov blir prioritert først.

Det gjeld ingen tidsfrist for når eit bu- og tenestetilbod som nemnt over kan bli tilbydd.

 § 8 Klage

Pasientar og brukarar har rett til å klage på vedtak om avslag på sjukeheim og plass på venteliste for langtidsopphald, jf. Pasient-og brukarrettighetsloven § 2-7 andre ledd og § 7-2.

Det organ i kommunen som har fatta vedtak skal først vurdere klagen på ny og hente inn/få tilleggsopplysningar. Vert vedtaket oppretthalde, skal organet sende klagen til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

§ 9 Ikrafttredelse

Forskriften trer i kraft 1.juli 2017.

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 25.08.2017