Høyring – Nye vedtekter for dei kommunale skulefritidsordningane

Høyringsfrist: 24. juni 2022

Sveio kommune ved skule- og barnehagekontoret har utarbeidd framlegg til nye vedtekter for dei kommunale skulefritidsordningane i kommunen. I og med at slike vedtekter har form av forskrift, jamfør opplæringslova § 13-7, 3. leddet, skal dei sendast på høyring før det kan bli fatta vedtak i kommunale folkevalde organ. For slike høyringar gjeld føresegnene i forvaltningslova § 37.

Ny rammeplan for SFO tok til å gjelda 1. august 2021. Rammeplanen har status som nasjonal forskrift til opplæringslova. Dette er følgt opp av Sveio kommune ved at det er utarbeidd framlegg til ein ny kommunal kvalitetsplan for SFO som skal handsamast av Sveio kommunestyre 13. juni. Både den nye rammeplanen og den kommunale kvalitetsplanen har gjort det naudsynt å revidera dei kommunale vedtektene for skulefritidsordninga. Vedtektene blei sist reviderte av kommunestyret 11. desember 2017 og har vore gjeldande sidan 1. august 2018.

Fristen for høyringsinnspel blir sett til fredag 24. juni 2022. Høyringsinnspel kan sendast til postmottak@sveio.kommune.no. Etter høyringsrunden vil det bli fremja sak med sikte på endeleg vedtak i løpet av hausten 2022, slik at nye vedtekter kan ta til å gjelda med verknad frå 1. januar 2023.

Høyringsdokument: Framlegg til nye retningslinjer for kommunal SFO (PDF, 284 kB)