Høyringsbrev – planstrategi for Sveio kommune med planprogram for kommuneplanen og oppstartvarsel for kommuneplanarbeid - høyringsfrist utgått

Ryvarden. Foto Ida Kristin Vollum - Klikk for stort bilete

Høyringsfrist utgått

  1. Sveio kommune har utarbeida forslag til kommunal planstrategi for perioden 2016-2019 og forslaget vert no gjort kjent for ålmenta, nabokommunar og offentlege styresmakter.
  1. Sveio kommune varslar samtidig oppstart av kommuneplanarbeid. I den samanheng vert forslag til planprogram for Kommuneplanen for Sveio 2019-2031 no sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn, som ein del av planstrategien.

Bakgrunn:

Alle kommunar skal ha utarbeida ein kommunal planstrategi i løpet av første år i kvar kommunestyreperiode. I planstrategien skal strategiske val for den kommunale utviklinga drøftast og framtidige planoppgåver skal vurderast. I mars 2016 fatta kommunestyret vedtak om at arbeidet med planstrategien skulle starta opp og i den samanheng vart det avklara at kommuneplanprosessen skulle starta opp samtidig. Plan- og bygningslova opnar for at desse to arbeida kan slåast saman.

PLANSTRATEGIEN – HØYRING AV FORSLAG TIL PLANSTRATEGI 2016-2019

Sjå forslag til kommunal planstrategi for Sveio kommune - planprogram i kolonna øvst til høgre.

I samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 10-1 har Sveio kommune utarbeida eit forslag til kommunal planstrategi for perioden 2016-2019 som gjennom dette brev no gjerast offentleg kjent. Planstrategien omfattast ikkje av krava til offentleg ettersyn og høyring på lik line med juridisk bindande planar etter pbl. Kommunen skal likevel henta inn synspunkt og gjera planstrategien tilgjengeleg for nabokommunar og statlege og regionale styresmakter i minst 30 dagar før vedtak vert fatta.

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN FOR SVEIO 2019-2031

Planprogrammet er i første hand ein omtale av kva prosessar som kommunen legg opp til i kommuneplanarbeidet og kva tema kommunen ønskjer å løfta fram. Desse tema bør vera baserte på dei strategiske val som planstrategien legg opp til. Det skal i tillegg leggjast fram oversikt over utgreiingsbehovet og ein framdriftsplan.

Sveio kommune har utarbeida planstrategien og planprogrammet for kommuneplanen som eit fellesdokument. Dokumentet er delt i tre delar:

Del 1: Fellesdel for planstrategi og planprogram

  • Her vert status for kommunen presentert og grunnlaget for arbeidet vert lagt fram. Dei felles føringane og føresetnadene for kommunal planlegging, som normalt vil gå fram av så vel planstrategi som i planprogram for kommuneplanen, vert vist her.                                                                                         

Del 2: Kommunal planstrategi for Sveio kommune

  • Her vert planstrategien presentert og dei strategiske vala vert drøfta.
  • Spørsmål om kva hovudutfordringar ein har og korleis ein skal møta desse er viktige i denne delen.
  • Her vert det lagt fram forslag til planoppgåver som kommunen skal starta opp i kommunestyreperioden.

Del 3: Planprogram for kommuneplan for Sveio kommune

  • Her vert planprogrammet for komande kommuneplanarbeid lagt fram. Arbeidet vil omfatta revidering av så vel samfunnsdelen som arealdelen til kommuneplanen.
  • Ein tek her utgangspunkt i utfordringane som er synleggjorde i planstrategidelen og legg til rette for ein kommuneplanprosess som viser korleis ein skal oppnå ønskja utvikling i kommune

I samband med oppstart av kommuneplanarbeidet ber kommunen om innspel til kommuneplanprosessen og ev. merknader/kommentarar til planprogrammet og planstrategien. Slike innspel og merknader må leverast skriftleg.

Innspel til kommuneplanarbeidet skal vera så detaljerte som mogleg, særskilt dersom det gjeld spesifikke innspel linka til særskilte føremål og eigedomar/område. Slike innspel skal ha med gards- og bruksnummer, omtale av tenkt nytt arealføremål og kart som viser avgrensing av ønskja tiltak, sjå elles råd for innlevering av innspel på heimesida.

Merknader og innspel vert å senda til postmottak@sveio.kommune.no eller Sveio kommune, Postboks 40, 5559  Sveio

Fristen for å koma med innspel og merknader er 27.10.2016.

For spørsmål om planstrategi, planprogram eller kommuneplanarbeidet ta kontakt med prosjektansvarleg, Åse Aleheim på e-post: ase.aleheim@sveio.kommune.no eller på telefon; 53748066

                                             

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 21.11.2016