Kunngjering av 2. gongs offentleg ettersyn av endringar i planforslaget til detaljreguleringsplan for Gjermundshaugen Sør gnr. 40 bnr. 12 m.fl., mellombels planID 2019902

I medhald av §§ 12-10 og 12-11 i plan- og bygningslova vert endra forslag til privat detaljregulering for Gjermundshaugen Sør, lagt ut til 2. gongs offentleg ettersyn. Det hørast berre på dei endringane som er gjort i planen frå 1. høyring, og då primært på forslag til endra innhald i planføresegner. Det opnast ikkje for innspel/ merknader om nye endringar i denne høyringa.

Hovudføremålet med planen er å legga til rette for bustadbygging med tilhøyrande vegtilkomst og leikeareal samt ta vare på kulturmiljøet rundt Sveigarden. Hovudfokus i planframlegget er ny utbygging innanfor gnr. 40/12, og at andre eigedomar innanfor planområdet vert regulert ut frå dagens bruk og føringar i tråd med kommuneplanen. 

Planforslag leggjast no ut til 2. gongs offentleg ettersyn, med endringar av mellom anna:

  • Det er gjennomført flaumvurdering for planområde. Ein har justert føresegn 2.3. Teknisk plan i samsvar med vurderinga. Det er stilt krav om auking av eksisterande diameter på røyret til 1000 mm, for heile strekninga der bekken blir lagt i røyr inkludert under fv. 541 og Sveiogata.
  • Det er gjennomført undersøking av utandørs vegtrafikkstøy for planområde. Føresegn 2.9 Støy: Det er no presisert krav til støy/tiltak mot støy som skal tilfredstillast innanfor planområde.
  • Føresegn2.11 Energiløysing: Dette er eit nytt punkt som blei lagt til og føringane i denne er som følgjer: «Energiløysing skal synast i samband med søknad om byggjeløyve, og skal avklarast i samråd med kraftleverandør. Alternative energikjelder og fleksible oppvarmingsformer skal som hovudregel nyttast dersom det ikkje føreligg gode grunnar for noko anna.»
  • Føresegn 3.1.2 BF1: dvs. bustad-frittliggjande-småhus: Arealet låg opphavleg under pkt. 3.1. No ligg BF1 som eige punkt med endringar knytt til tilpassing til kulturmiljø (sjå aktuelt forslag til 3.1.2). Det er òg gjort endringar der gesims/mønehøgde er sett ned til 7 m, samtidig som det er spesifisert kotehøgde for golvet til de framtidige bustadane.

Vedlagt finn du plankart, føresegner, planskildring og andre aktuelle plandokument.

Planframlegget ligg til offentleg ettersyn i 4 veker, i tidsrommet 14.04.2023 – 19.05.2023.

Merknadar til endringane vert å senda e-post til postmottak@sveio.kommune.no  eller per brev til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio, innan 19.05.2023.

Vedlegg: