Kunngjering av reguleringsplan - kom-014/17 - privat detaljregulering for gnr 36 bnr 37 mf. - Økland

Detaljeregulering Økland gbr 36/37  - Klikk for stort bileteDetaljeregulering Økland gbr 36/37

Sveio kommunestyre har i møte 06.03.2017, i medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-12, godkjent privat detaljregulering for gnr. 36 bnr. 37 mfl. – Økland.
Planforslaget er stort sett i samsvar med kommuneplanen, der området ligg som byggjeområde for bustader og naust, og som småbåthamn og friluftsområde i sjø. Planområdet er på om lag 37 dekar og forslaget syner mellom anna byggjeområde for naust og bustader, vegareal, parkering, gangvegar, grønstruktur, småbåtanlegg i sjø og småbåthamn. I tillegg er det lagt inn omsynssoner for frisikt og høgspentleidning.
 

Kommunestyret sitt vedtak kan klagast på til fylkesmannen i Hordaland innan 7.april 2017, jf. PBL § 12-13. Eventuell klage må vera grunngjeven og skal sendast til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 eller til postmottak@sveio.kommune.no. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing etter PBL §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram innan tre år.

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 25.08.2017