Kunngjering av reguleringsplan - KOM-033/17 - privat detaljregulering for del av gnr.6 bnr. 1 og del av gnr.7 bnr. 1 m.fl. - Steinbrot Valevåg

Sveio kommune styre har i møte 15.05.2017, i medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjent privat detaljregulering for del av gnr. 6 bnr. 1 og del av gnr. 7 bnr. 1 mfl. – «Steinbrot Valevåg». Planen vart vedteken samrøystes. Planområdet omfattar om lag 125 daa og er utarbeida etter godkjent planprogram med konsekvensutgreiing. Forslaget viser område for steinbrot og masseuttak, vegareal og grønstruktur. I tillegg er det lagt inn omsynssoner for siktliner, bevaring av kulturmiljø og kulturminne.

Kommunestyret sitt vedtak kan klagast på til Fylkesmannen i Hordaland innan tre veker frå denne kunngjeringa, jf. PBL § 12-13. Eventuell klage må vera grunngjeven og skal sendast til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 eller til postmottak@sveio.kommune.no. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing etter PBL §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram innan tre år.

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 25.08.2017