Kunngjering av reguleringsplan – KOM 131/16 - Privat detaljregulering for gnr. 40 bnr. 647 mfl. Steinartjørna

Ortofoto - Klikk for stort bileteOrtofoto

Sveio kommunestyre har i møte 12.12.2016, i medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjent privat detaljregulering for gnr. 40 bnr. 647 - Steinartjørna. Planen erstattar gjeldande reguleringsplan for gnr. 40 bnr. 106, planid: 2006006, vert ei utviding av tidligare planområde og legg samstundes opp til ei meir konsentrert utbygging.

Området omfattar om lag 38,6 daa og syner hovudsakleg byggjeområde for konsentrert småhusbusetnad, ute-opphald/leikeareal, vegareal, parkering og friområde.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til Fylkesmannen i Hordaland innan 28.01.2017, jf. pbl § 12-13. Eventuell klage må vera grunngjeven og skal sendast til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 eller til postmottak@sveio.kommune.no. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing etter plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram innan tre år.

 

Saksframlegg (PDF, 203 kB)

Oversynskart (PDF, 73 kB)

Kommuneplankart (PDF, 697 kB)

Plankart (PDF, 301 kB)

Ortofoto (PDF, 2 MB)

Planomtale (PDF, 5 MB)

Føresegner (PDF, 73 kB)

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 25.08.2017