Kunngjering - godkjent detaljregulering for Austre Vikse, gnr 70 bnr 2

Sveio kommune har i møte den 11.11.2019, sak KOM-098/19, godkjent detaljregulering for Austre Vikse, gnr. 70 bnr. 2, i medhald av plan- og bygningslova (pbl) § 12-12.

Føremålet med planen er å leggja til rette for variert bustadbygging med tilhøyrande anlegg, samt barnehage og parkeringsplass. 

Vedlegg:

Detaljregulering for bustadar og barnehage, Vikse Austre (PDF, 3 MB)

Detaljregulering Vikse Austre, konsekvensutgreiing (PDF, 3 MB)

Kart, detaljregulering Vikse Austre (PDF, 5 MB)

Planføresegner Vikse Austre

Sakspapir, detaljregulering Vikse Austre (PDF, 412 kB)

Kommunestyret sitt vedtak kan verte påklaga til Fylkesmannen i Vestland innan tre veker frå denne kunngjeringa, jf. pbl § 12-13. Eventuell klage må vera grunngjeven og skal verte sendt til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio, eller til postmottak@sveio.kommune.no. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må etter pbl §§ 15-2 og 15-3 vera sett fram innan tre år.