Lysing i Akvakultursak - Søknad frå Bremnes Seashore AS om utviding av maksimalt tilleten biomasse (MTB) på lokaliteten 25815 Tittelsnes i Sveio kommune

Bremnes Seashore AS har søkt om å få auka godkjend MTB på lokaliteten Tittelsnes frå 2340 til 3120 tonn. Det er ikkje søkt om anna endring. Lokaliteten har 6 merdar med 160 meters omkrins. Søknaden er grunngjeven med utsett av storsmolt og at det vil gje betre kontroll på lakselus og betre fiskehelse. 

Det er Hordaland fylkeskommune som avgjer søknader etter akvakulturlova. Jamfør § 8 i akvakulturlova skal kommunen vera med å syta for effektiv og samordna handsaming av søknader. Etter § 8 i laksetildelingsforskrifta skal kommunen vera med å syta for at søknader vert lagt ut til offentleg ettersyn. Fullstendig søknad ligg på kommunen sin nettstad under Høyringar og kunngjeringar. Saka med alle dokumenta kan sjåast ved å søkja etter arkivsak 18/192 under Innsyn/Postliste på kommunen sin nettstad. Eventuelle merknader og innspel må sendast til Sveio kommune innan 21. april 2018.

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 21.03.2018