Melding og oppstart av detaljregulering for bustad- og hytteområdet på fagerland og vestvik

MELDING OM OPPSTART AV DETALJREGULERING FOR BUSTAD- OG HYTTEOMRÅDET  PÅ FAGERLAND - del av gnr. 30, bnr. 2 og 3 m.fl., gnr. 30, bnr. 7 m.fl.  og del av VESTVIK gnr. 32, bnr. 9 og 115 m.fl. i Sveio kommune.

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 blir det med dette varsla oppstart av arbeid med detaljregulering for bustad- og hytteområde med naust og småbåthamn på Fagerland gnr. 30, bnr. 2 og 3 m.fl., gnr. 30, bnr. 7 m.fl. og  del av Vestvik gnr. 32, bnr. 9 og 115 m.fl.  i Sveio kommune.                                                                            

   Planområdet er som vist på kart   (trykk på for stort bilete )

                          Melding og oppstart av detaljregulering for bustad- og hytteområdet på fagerland og vestvik - Klikk for stort bilete I området gnr. 30, bnr. 2 og 3 m.fl. er det i tidlegare vedteken reguleringsplan sett krav om utbyggingsplan.  Storparten av dette området er bygd ut og teke i bruk. Også for området gnr. 32, bnr.9 og 115 m.fl. er det godkjent reguleringsplan. For gnr. 30, bnr. 7 m.fl. er det ikkje godkjent reguleringsplan men det er tidlegare varsla oppstart.                                                                                                                                                

Målet med dette planarbeidet er å samla fleire planar i eitt og laga forslag til detaljregulering for å bestemma endelege reguleringsføremål og stadfesta tomtegrenser med utgangspunkt i dagens forhold samt nye bustad- og fritidsområde på bnr. 30, bnr. 7 m.fl.

Planarbeidet er av Sveio kommune vurdert til å ikkje utløysa krav om konsekvensutgreiing etter pbl § 4-2, med grunngjeving i at området allerede er avsett til utbyggingsføremål.

Berørte partar og offentlege organ blir varsla med eiga melding.

 

Spørsmål kan rettast til KYSTKONSULT as, tlf. 91358368 eller e-post: mikalmhovda@yahoo.no

Eventulle merknader eller innspel som kan ha innverknad på planarbeidet, skal sendast til:  KYSTKONSULT as, Gullvegen 1421, 5550 SVEIO eller e-post: mikalmhovda@yahoo.no  – innan 7. mars 2019.                                                                                         

Publisert av Viktoria Rush Lien. Sist endra 31.01.2019