Melding om oppstart av detaljert reguleringsplan og høyring av forslag til planprogram for del av gnr. 70, bnr. 2 i Sveio kommune.

Høyringsfrist utgått

Med heimel  i plan- og bygningslova §§ 12-8 og 4-1 vert det med dette varsla oppstart av arbeid med detaljert reguleringsplan og høyring av forslag til planprogram for bustadområde på Vikse Austre del av gnr. 70, bnr. 2 i Sveio kommune. Innafor planområdet er også eigedommane gnr. 70, bnr. 71, 88, 89 og 90.

Planområdet er vist på kart, og strekkjer seg frå fylkesveg 541 og busslomma ved Vikse skule og nordover.  Planområdet har eit samla areal på om lag 37 da.

Området er i kommuneplanen avsett til LNF-område, LNF-område med føresegner om spreidd bustadbygging (SB-44) og byggjeområde for offentleg føremål (O-21).                                                       Sidan store deler av planområdet i kommuneplanen sin arealdel er vist som LNF-område, er det krav om planprogram og konsekvensutgreiing.

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for bustadområde i direkte nærleik til Vikse skule og evt. plass for barnehage.

Melding om oppstart og forslag til planprogram blir lagt ut på heimesida til Sveio kommune, www.sveio.kommune.no

Naboar/naboeigedommar og offentlege styresmakter blir varsla direkte.

Spørsmål kan rettast til KYSTKONSULT as, tlf. 91358368 eller e-post: mikalmhovda@yahoo.no

Eventulle merknader eller innspel som kan ha innverknad for planarbeidet eller planprogrammet, skal sendast til: KYSTKONSULT as, Gullvegen 1421, 5550 SVEIO, e-post: mikalmhovda@yahoo.no                 innan 15. august 2017.                                                                                        

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 25.08.2017