Melding om oppstart av detaljplan for symje- og idrettshall i Sveio, gnr. 40 bnr. 2 mfl., midlertidig planid 2020901

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla at Vikanes Bungum Arkitekter, på vegne av Sveio kommune, set i gang arbeid med detaljregulering for symje- og idrettshall i Sveio, gnr.40 bnr. 2 m.fl.

Planområdet ligg i Sveio sentrum og omfattar gnr. 40 bnr. 2, 408 og 409. Planområdet utgjer i alt ca. 40 daa. Avgrensing av planområdet er vist på kartutsnitt.

I Kommunedelplan for Sveio Sentrum er området vist til offentleg føremål, idrettsanlegg og friområde. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for etablering av ny symje- og idrettshall i tilknyting til eksisterande skule og idrettsanlegg. Det er planlagt ny tilkomst til området frå fv. 541.

Sveio kommune har vurdert at planarbeidet ikkje vil utløysa krav om konsekvensutgreiing. Kommunen har likevel bedt om at det i planomtalen vert gjort særskild vurdering av konsekvensane for uteopphaldsareal for skulen, trygg trafikkavvikling og salamander.

Berørte grunneigarar vert varsla direkte. Oppstartsmeldinga kan også sjåast på kommunen si heimeside: sveio.kommune.no/ hoyringar og kunngjeringar/. Der finn ein òg referat frå oppstartsmøte.

Eventuelle merknader til planarbeidet skal sendast skriftleg til

VIKANES BUNGUM Arkitekter AS,

v/ Velde, Pb. 358, 5501 Haugesund,

tlf. 90605494, e-post; velde@vikanes-bungum.no innan 10.08.20

Alle mottekne merknader vert vurdert, kommentert, og vidaresendt til kommunen saman med planforslaget.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Vikanes Bungum Arkitekter AS,

e-post: velde@vikanes-bungum.no tlf. 90605494.

Kommuneplan sentrum (PDF, 3 MB)

Kartutsnitt (PDF, 445 kB)

Anmoding Oppstartsmøte (PDF, 2 MB)

Oversiktskart (PDF, 4 MB)

Referat frå Oppstartsmøte (PDF, 55 kB)