Nytt varsel om oppstart av planarbeid for Vikingland på Bjelland med planprogram

Høyringsfrist utgått

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 4-1,12-2, 12-8 og 12-9 vert det varsla ny oppstart av områderegulering (reguleringsplan) for Vikingland på Bjelland. Nytt forslag til planprogram vert samtidig lagt ut på høyring. Planprogrammet legg føringane for planarbeidet og visar kva tema som skal utgreiast i planprosessen. Målsettinga med planarbeidet er å leggja til rette for eit framtidig Vikingland i Sveio.

Områdereguleringa vil i meir eller mindre grad omfatta gnr/bnr 87/1, 3, 26, 37 og gnr/bnr 91/2, 4, 11, 12, 18, 36 og gnr/bnr 92/1, 2, 4, 5, 7, 16, 20 m.fl.

Planlagt arealføremål er primært fritids- og turistføremålet som heimlar sjølve parken med tilhøyrande anlegg. I tillegg vert det lagt til rette for utbygging av næringsareal og bustader i området rundt parken. Vedtak om å leggja inn fleire arealføremål i planarbeidet er avklara i sak handsama i kommunestyret  KOM-023/16, 14.03.2016. Nærings- og bustadføremålet er nytt i planarbeidet og blei avklara i kommunestyret 14.03.2016, i sak KOM-023/16. Denne justering av plantema er grunngjevinga for nytt oppstartsvarsel og planprogram. Tidlegare varsla avgrensing av planområdet vert ikkje endra.

Det er ikkje lagt opp til utbyggingstiltak på nordre sida av Fv. 47, men noko areal der ligg innafor planavgrensinga for å sikra framtidige gode trafikkløysingar og tilkomst. Der det er vurdert naudsynt vil det i planområdet setjast av areal i form av buffersone mellom utbyggingsområda og areal som bør vernast frå utbygging.

Det er utarbeida eit forslag til planprogram som skal visa kva tema som skal konsekvensutgreiast i samband med planarbeidet. Forslaget viser at ein mellom anna skal utgreia kva konsekvensar tiltaka kan få for Sveio sentrum og randsona av planområdet (inkl. Vigdarvatnet), på trafikktryggleik og trafikkavvikling og kva verknader utbygginga kan få for landskapsrommet og kulturminne.

Planarbeidet vert utført av Sveio kommune og ev. spørsmål kan rettast til;

  • Samfunnsplanleggjar Åse Aleheim

tlf: 53 74 80 66 eller e-post: ase.aleheim@sveio.kommune.no

 

  • Kommunalsjef Kenneth Tollefsen

tlf: 53 74 80 40 eller e-post: kenneth.tollefsen@sveio.kommune.no

                                                                                                                                

Frist for å koma med merknad til oppstartsvarsel og/eller til planprogrammet er 20.01.2017

Eventuelle innspel og merknader skal vera skriftlege og sendast som e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller som brev til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio.

 

Saksframlegg Vikingland (PDF, 497 kB)

Planprogram for områderegulering - Vikingland (PDF, 3 MB)

Planavgrensing Vikingland (PDF, 657 kB)

Ortofoto Vikingland (PDF, 2 MB)

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 25.08.2017