Offentleg ettersyn - Detaljregulering for FV.47, Fagerheim - Ekrene

Statens vegvesen har utarbeida forslag til reguleringsplan med konsekvensutgreiing i samband med eit investeringsprosjekt i Haugalandspakken. Planen gjeld bygging av ny Fv 47 mellom Haugesund og Sveio. Planområdet strekker seg frå Fagerheim i Haugesund til Ekrene i Sveio. 

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 5-2 og 12-10 har Plan- og miljøutvalget i Haugesund kommune og Hovudutval Teknisk/Næring i Sveio kommune vedteke å leggja forslaget til detaljregulering for Fv 47, Fagerheim – Ekrene, ut til offentlig ettersyn. Plandokumenta er felles for dei to kommunane, med unntak for dei lokale plankarta og føresegnene. Kvar kommune legg ut sin del av planen på høyring. Det inneber at dersom det er merknader til planforslaget skal desse rettast til den kommune som merknaden gjeld for.

I samband med politisk behandling av planen i respektive kommune har både Haugesund kommune og Sveio kommune kome med nokre spørsmål og forventningar som må avklarast før planen blir lagt fram for endeleg vedtak. Kommunanes forventningar er ein del av plandokumenta og er å finna iblant høyringsdokumenta på dei to kommunane sine heimesider. Eventuelle endringar som følgje av desse forventingane vil skje etter høyringsperioden, og før endelig vedtak.

Komplett planforslag, med lokale plankart og føresegner ligger til offentlig ettersyn i tidsrommet 13. juli – 14. sept. 2018. Forslaget er å finna på Statens vegvesen sin nettside, samt fullstendig plankart: https://www.vegvesen.no/Fylkesveg/fv47fagerheimekrene

Planforslaget for Sveio er òg å finna på Sveio kommunehus ved Offentleg servicekontor.

Statens vegvesen held eit opent møte for å informera meir om den del av planen som gjelder for Sveio kommune onsdag 5. sept. kl. 18.00-20.00, i kommunestyresalen i Sveio kommunehus. Kontordag blir torsdag 6. sept. kl. 14.00-17.00 hos Statens vegvesen, Rennesøygata 16 i Haugesund.

Eventuelle merknader til den del av planen som ligg i Sveio kommune skal sendast skriftleg til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio, eller som e-post til postmottak@sveio.kommune.no.
Tlf. 53 74 80 00.

(Eventuelle merknader til den del av planen som ligg i Haugesund skal sendast Haugesund kommune, Enhet for byutvikling, Postboks 2160, 5504 Haugesund eller som e-post til postmottak@haugesund.kommune.no)

Kontaktperson for prosjektet er Henry Damman på telefon 415 26 589, e-post henry.damman@vegvesen.no

Kontaktperson for handsaming av planen i Sveio kommune er Åse Aleheim, e-post ase.aleheim@sveio.kommune.no

 

Frist for å komme med merknader til planforslaget er 14. sept 2018

 

Vedlegg:

  1. Planomtale med KU (PDF, 11 MB)
  2. Plankart (PDF, 14 MB) (Fullstendig plankart for heile strekninga Fagerheim - Ekrene finst her)
  3. Planføresegner (PDF, 733 kB)
  4. ROS - analyse (PDF, 5 MB)
  5. Overvatnhandtering 1 (PDF, 14 MB)
  6. Overvatnhandtering 2 (PDF, 3 MB)
  7. Konstruksjon (PDF, 4 MB)
  8. Støyrapport (PDF, 5 MB)
  9. KU - luftkvalitet (PDF, 5 MB)
  10. KU - prissette konsekvensar (PDF, 5 MB)
  11. KU - landskapsbilete (PDF, 23 MB)
  12. KU - nærmiljø og friluftsliv (PDF, 11 MB)
  13. KU - naturmangfald (PDF, 8 MB)
  14. KU - kulturmiljø (PDF, 7 MB)
  15. KU - kulturmiljø, vedlegg (PDF, 10 MB)
  16. KU - naturressursar (PDF, 12 MB)
  17. Varsel om oppstart (PDF, 28 MB)
Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 12.07.2018