Offentleg ettersyn - Heilskapleg Risiko- og sårbarheitsanalyse for Sveio kommune

I sak KOM-051/23 (PDF, 3 MB) datert 12.06.2023 blei det gjort vedtak om å leggja forslag til Heilskapleg Risiko- og sårbarheitsanalyse for Sveio kommune ut til offentleg ettersyn i medhald av §14 i Sivilbeskyttelseslova.

Heilskapleg Risiko- og sårbarheitsanalysa (ROS) skal gje kommunen oversikt over risiko og sårbarheit og vera eit avgjerd- og kunnskapsgrunnlag for kommunen sitt arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap.

Hovuddokumentet til Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse for Sveio kommune

Sveio kommune sin gjeldande heilskaplege ROS-analyse er frå 2013. Våren 2019 gjennomførte Statsforvaltaren i Vestland tilsyn på kommunen sitt heilskaplege og systematiske arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. I denne tilsynsrapporten kom det fram at gjeldande heilskaplege ROS-analyse for Sveio kommune er mangelfull og har behov for ei oppdatering. Det er difor gjennomført eit arbeid med revidering av eksisterande ROS-analyse for Sveio for å svare ut tilsynsmerknadane frå Statsforvaltaren, og oppdatere planen med utgangspunkt i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap sin rettleiar frå 2022.

Meir utgreiing av innhald og arbeidet med heilskapleg ROS er skissert i hovuddokumentet (Heilskapleg Risiko- og Sårbarheitsanalyse Sveio_Høyringsutkast) vedlagt til høyringa.

Merknadar til forslaget kan sendast til postmottak@sveio.kommune.no eller Sveio kommune, postboks 40, 5559 Sveio innan 28.07.2023.

Følgjande dokument inngår i høyringa:

Heilskapleg Risiko- og sårbarheitsanalyse Sveio_Høyringsutkast (PDF, 10 MB)

Vedlegg 1_Naturhendingar (PDF, 682 kB)

Vedlegg 2_Store ulukker (PDF, 721 kB)

Vedlegg 3_Tilsikta hendingar (PDF, 290 kB)

Vedlegg 4_Oversyn Beredskapsplanar i Sveio kommune (PDF, 201 kB)