Offentleg ettersyn - områderegulering for Ekrene Vest - gnr 73 bnr 1 m.fl.

Hovudutval Teknisk/Næring har i sak 027/19, datert 26.08.2019, fatta vedtak om å leggja ut forslag til områdereglering for Ekrene Vest til offentleg ettersyn i medhald av § 12-10 i plan- og bygningslova.

 

Planforslaget omfattar eigedomane som ligg på vestsida av Fv. 47 ved Ekrene sør i kommunen, og det viser arealføremål for heilårsbustader, ny Rophusveg, internt vegnett, fortau, leikeplasser, friluftsområde og landbruksareal. I tillegg er det vist eit areal med føremål for barnehage. For dei fleste byggjeområda er det sett krav til detaljregulering, med unntak for dei tomter som er vist heilt vest i planområdet, som gjennom planen er detaljregulerte. Planen legg opp til framtidig kopling til nytt toplanskryss.

Planen er i samsvar med kommuneplanen for Sveio som viser byggjeområde for bustader. Planforslaget er å finna i vedlegga

Planframlegget ligg til offentleg ettersyn i 6 veker, i tidsrommet 06.09.2019-18.10.2019.

Saksframlegg (PDF, 407 kB)

Plankart områdeplan (PDF, 3 MB)

Områdeplan (PDF, 3 MB)

Plankart ortofoto (PDF, 2 MB)

Plankart vist i grunnkartet (PDF, 969 kB)

Planbestemmelser (PDF, 545 kB)

Planbeskrivelse (PDF, 13 MB)

Kartutsnitt (PDF, 329 kB)

Rosanalyse (PDF, 2 MB)

Utdrag frå ATP Haugalandet (PDF, 2 MB)

Kommunen sine merknadar (PDF, 262 kB)

Konsulenten si oppsummering (PDF, 123 kB)

Ekrene Vest HK høgspent (PDF, 2 MB)

Ekrene Vest HK nettanlegg (PDF, 3 MB)

Kostnadsvurdering Rophus (PDF, 189 kB)


Eventuelle merknader vert å senda på e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller med brev til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio innan 18.10.2019

 

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 05.09.2019