Offentleg ettersyn – Privat detaljregulering for gnr 3 bnr 1 m.fl – Nordre Buvika

Hovudutval Teknisk/Næring, som planutval, fatta vedtak i møte 05.03.2018 om å leggja privat detaljregulering for gnr. 3 bnr. 1 mfl. ut til offentleg ettersyn, i medhald av §§ 12-10 og 12-11 i plan- og bygningslova.

Planforslaget er delvis i samsvar med kommuneplanen, der store delar av området ligg som byggjeområde for fritidsbustader. Planområdet omfattar også eksisterande reguleringsplan for fritidsbustader, småbåthamn m.m, planid 1998002. Resterande areal langs sjøen ligg som regulert/uregulert LNF-område. Planområdet er på om lag 135 dekar og forslaget syner mellom anna byggjeområde for fritidsbustader, naust, vegareal, parkering, gangvegar, rasteplass, grønstruktur, badeområde, småbåtanlegg i sjø og småbåthamn. I tillegg er det lagt inn omsynssone for kulturminne. 

 

Planframlegget ligg til offentleg ettersyn i 6 veker, i tidsrommet 15.03.2018 – 19.04.2016.

Eventuelle merknader vert å senda på e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller med brev til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio innan 19.04.2018.

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 12.03.2018