Offentleg ettersyn - Privat detaljregulering for gnr. 30 bnr 2. m.fl. - Fagerland og Vestvik m/Bjørkelio

Hovudutval Teknisk/Næring har den 11.05.2020, sak 029/20, fatta vedtak om å leggja forslag til privat detaljregulering for gnr. 30 bnr. 2 m.fl. – Fagerland og Vestvik m/Bjørkelio ut til offentleg ettersyn i medhald av § 12-10 i plan- og bygningslova.

Planområdet er for ein stor del utbygd med frittståande bustader, hytter, naust og småbåtanlegg. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for vidare utvikling av området med ein kombinasjon av bustader, fritidsbustader og småbåtanlegg.

Kommunen har vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing etter pbl § 4-2. 

Planframlegget ligg til offentleg ettersyn i tidsrommet 15.05.2020-26.06.2020.

Eventuelle merknader kan sendast på e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller per post til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio innan 26.06.2020

Lenker:

Sakframlegg, Fagerland og Vestvik med Bjørkelio (PDF, 435 kB)

Offenleg innspel til oppstart juli 2015 (PDF, 3 MB)

Offentleg innspel til oppstart mars 2019 (PDF, 3 MB)

Plankart Fagerland og Vestvik med Bjørkelio (PDF, 4 MB)

Planomtale  Fagerland og Vestvik med Bjørkelio (PDF, 3 MB)

Privat innspel til oppstart juli 2015 (PDF, 7 MB)