Offentleg ettersyn - privat detaljreguleringsplan for gnr 40 bnr 12 m.fl. - Gjermundshaugen sør

I medhald av §§ 12-10 og 12-11 i plan- og bygningslova vert forslag til privat detaljregulering for bustadfelt sør på Gjermundshaugen, lagt ut til offentleg ettersyn.

Planforslaget omfattar gnr. 40 bnr. 12 og viser i hovudsak arealføremål for frittliggjande småhus og konsentrert småhus. Planområdet er for stor del utbygd med einebustader og planens føremål er å leggja til rette for vidare utvikling av område ved utbygging av fleire bustad med tilhøyrande uteområde og infrastruktur.

Kommunen har vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing etter pbl § 4-2.

Planframlegget ligg til offentleg ettersyn i tidsrommet 15.07.2021 - 09.09.2021.

Eventuelle merknader kan sendast på e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller per brev til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio innan 09.09.2021.»

 

Merknad - filene er store og det kan ta tid å opne dei.

Vedlegg:

Saksframlegg (PDF, 869 kB)

Plankart (PDF, 3 MB)

Reguleringsføresegner (PDF, 163 kB)

Planomtale (PDF, 5 MB)

Marknader til oppstart (PDF, 2 MB)