Oppstartsvarsel for reguleringsplan for Gjermundshaugen Sør

Varsel om oppstart av planarbeid – privat detaljregulering for del av gnr./bnr. 40/12 m.fl. – bustadområde Gjermundshaugen Sør, Sveio kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt oppstart av detaljregulering for del av gnr./bnr. 40/12 m.fl. - bustadområde Gjermundshaugen Sør, mellombels planid 2019902, Sveio kommune.

Frist for innspel er 20.08.2019.

Planområdet ligg vest for Sveio sentrum i nærleiken av Fv.6 Tjernagelvegen og Sveiogata. Tiltakshavar for planarbeidet er Sveen Prosjekt AS.

Hovudmålet med planen er å utvikle deler av eige­domen gnr./bnr. 40/12. Etter oppstartsmøtet er i tillegg eksisterande utbygde og ubygde bustadtomter innanfor og ikring planområdet innlemma i planen etter krav frå kommunen, dette gjeld gnr./bnr. 40/46, 40/52, 40/79, 40/179, 40/187, 40/207, 40/411, 40/631 og 40/676. Grunngjeving for utvidinga er å sikre at kommunen har gode og føreseielege plandokument som dekker naturlege tilhøyrande område og for å sika god samanheng i området med teknisk infrastruktur og tilkomst samt for å sikra at ein tek tilstrekkeleg omsyn til omkringliggjande eigedomar. Ein tek sikte på å vidareføra eksisterande utbygde eigedomar utan større endringar. Planavgrensinga er synt i vedlagte kartutsnitt. Planområdet er om lag 23 daa.

Arealet er i kommunedelplan for Sveio sentrum avsett til framtidig bustadområde der eit mindre areal er sett av til friområde. Området er ikkje regulert i frå før. Føremålet med detaljreguleringsplanen er å utvikle eit bustadområde på deler av gnr./bnr. 40/12 med ut­gangs­­punkt i kommune­delplanen, med nokre mindre justeringar mellom bustadareal og friområde. Det er ønskjeleg med ei variert utbygging av bustadområdet, som harmonerer med eksisterande busetnad og landskap/terreng, men som og stettar føringar for ei meir konsentrert bustad­bygging. Ein ser føre seg ein kombinasjon av eine­bu­stader, to- og fleirmannsbustader. Gardstunet Sveigarden er eit kommunalt listeført kulturminne, med eldhus, våningshus og løe. Våningshus og eldhus skal takast vare på. Etter samråd med kulturavdelinga i kommunen er løa tenkt riven. Deler av regulert friområde/grøntområde ved Tjernagelvegen er planlagt flytta til området sør for Sveigarden som vil sikre siktsone frå bygningsmiljøet til Vigdarvatnet. Tilkomst til eigedomane internt i området skal sikrast. Ein vil legge til grunn at tilkomst for nye bueiningar innanfor gnr./bnr. 40/12 nyttar kryssløysing frå Tjernagelvegen nord/vest for planområdet. Planavgrensinga er i sør og vest tilpassa Statens vegvesen sin plan som er under arbeid for fv.6 Tjernagelvegen. Ein vil legge opp til ein dialog og tilpassing av planarbeida i løpet av prosessen. Det er ønskeleg å regulere anna byggegrense mot fylkesvegane enn veglova fastsett, som vil vera meir i tråd med eksisterande busetnad i området.

Planen skal utarbeidast som privat detaljregulering jf. § 12-3 i plan- og bygningslova. Tiltaket er i samsvar med gjeldande kommunedelplan for Sveio sentrum. Arealet ligg allereie som utbyggingsområde og det er såleis vurdert å ikkje vera krav om konsekvensutgreiing.

Moglege merknadar og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:

ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord

Eller e-post: poststord@abo-ark.no / hageberg@abo-ark.no innan 20.08.2019

Publisert av Janne Bådsvik. Sist endra 19.06.2019