Privat detaljregulering for del av gnr 56 bnr 17 - Sletto aust

Sletto Aust - Klikk for stort bileteSletto Aust

Sveio kommunestyre har i møte 06.03.2017, i medhald av plan- og bygningslova (PBL) § 12-12, godkjent privat detaljregulering for del av gnr. 56 bnr. 17 – «Sletto aust». 

Planforslaget erstattar kravet om utbyggingsplan i gjeldande reguleringsplan for området. Arealføremåla er i stort sett i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Området omfattar om lag 125 daa og syner mellom anna byggjeområde for fritidsbustader, campingplass, utleigehytter, båtopplag, leikeplass, vegareal, friluftsområde og bevaring av kulturmiljø.

Kommunestyret sitt vedtak kan klagast på til fylkesmannen i Hordaland innan 7.april 2017, jf. PBL § 12-13. Eventuell klage må vera grunngjeven og skal sendast til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 eller til postmottak@sveio.kommune.no. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing etter PBL §§ 15-2 og 15-3 må vera sett fram innan tre år.

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 25.08.2017