Varsel om oppstart av detaljregulering for badeanlegg i Sveio sentrum

DETALJREGULERING FOR BADEANLEGG I SVEIO SENTRUM - Klikk for stort bilete

Sveio kommune varslar, i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, om oppstart av arbeid med detaljregulering for badeanlegg i Sveio sentrum på gnr. 40 bnr. 59 m.fl.Det har tidlegare vore varsla oppstart av planarbeid for badeanlegget med plassering ved Albatross/golfbanen (nord i sentrum), men dette arbeidet er no lagt ned etter vedtak i Sveio kommunestyre (i møte 28.05.2018, sak 034/18). Vedtaket viser ny plassering på eit meir tilgjengeleg og sentrumsnært areal.

Badeanlegget har til hensikt å auka aktivitetsmoglegheitane for heile kommunen og vil i tillegg til å sikra symjeundervisninga i skulen òg vera open for publikum.

Føremålet for planarbeidet er primært å leggja til rette for badeanlegget (føremål; Offentleg/privat tenesteyting), men samtidig ønskjer kommunen regulera restareala i planområdet (i samsvar med gjeldande kommunedelplan), til sentrumføremål (forretning, kontor, bustader), offentleg tenesteyting (Sveio kommunehus) og vegareal.

Planavgrensinga er vist i vedlagt kart og er på om lag 21,5 daa. Dei eigedomar som ligg i planområdet er, i tillegg til bnr. 59, del av bnr. 4, 18, 21, 93, 264 og 408. Planavgrensinga strekker seg noko inn på naboeigedomen i sør. Det dyrka arelalet er ikkje tenkt omdisponert, men det er teke med i planavgrensinga for å sikra at ein kan laga gode løysingar mellom utbyggingsområdet og det dyrka arealet. Det same gjeld for friområdet bak kommunehuset, på motsett sida av Mannabergvegen. Delar av Sveio kommunehus er teke med i planavgrensinga for å sikra framtidig utbetring av eksisterande bygning som treng rehabilitering, og betre tilrettelegging for kommunale parkeringsplasser. Fv 6 (Sveiogata) er teke med for å sikra moglegheiter for å betra tilkomsten til området.

Bygging av badeanlegg og bruk av føremålet Offentleg eller privat tenesteyting i planen vil vera i strid med gjeldande arealføremål i kommunedelplanen. Kommunen har likevel vurdert at tiltaket ikkje utløyser krav om planprogram og konsekvensutgreiing etter pbl §§ 4-1 og 4-2, med grunngjeving at arealet allereie gjennom kommunedelplanen er tenkt nytta til sentrumsføremål som heimlar omfattande og konsentrert utbygging. Vi meiner at badeanlegget vil få likverdige konsekvensar som andre større publikumsbaserte aktiviteter som kan etablerast i området i samsvar med overordna plan. Eit badeanlegg er såleis vurdert å ikkje gje meir verknader for miljø og samfunn sett i forhold til dei tiltaka kommunedelplanen allereie legg opp til.

Det er ikkje sett krav om konsekvensutgreiing for slikt badeanlegg i Forskrift om konsekvensutredninger, men det skal etter Vedlegg II vurderast om det er behov for slik utgreiing. Forskrifta viser i § 8 til kva planar etter vedlegg II som skal vurderast i forhold til behov for konsekvensutgreiing. Fokus i slik vurdering er om planen kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn. I vedlegget visast at tiltak etter punkt 10b om utviklingsprosjekter for by- og tettstadsområde, og punkt 11j om bygg for offentleg eller privat tenesteyting skal vurderast. Badeanlegget kan falla inn under desse punkta i Vedlegg II, og skal difor vurderast i forhold til behov for konsekvensutgreiing etter forskrifta.

Kommunen har, som eit ledd i arbeidet med utforming av ny kommunedelplan for Sveio sentrum og vurdering av plassering av eit badeanlegget, allereie gjennomført vurdering av konsekvensar ved bygging av badeanlegg på det omtala området, sjå vedlegg til oppstartsvarselet. Utgreiinga viser at det ikkje er nokre større konfliktar i planområdet.

Kommunen har vurdert behovet for meir utgreiing av konsekvensar, og konklusjonen er at planen ikkje vil medføra meir vesentlege verknader for miljø og samfunn enn dersom det blir gjennomført tiltak på arealet slik kommunedelplanen legg opp til. Det er ikkje heller nokre vesentlege utfordringar i forhold til naturmangfald, kulturminne, friluftsliv mv. på området. Kommunen ser difor ikkje andre forhold ved arealet som viser at tiltak kan medføre nokre særskilte negative verknader for miljø og samfunn som gjer at det må utarbeidast meir utgreiing av konsekvensar enn det som allereie er gjennomført. Vurderinga er difor at det ikkje vil vera behov for særskild konsekvensutgreiing av planområdet etter vedlegg II i forskrift om konsekvensutredninger.

Parallelt med dette planarbeidet arbeider kommunen med ny kommunedelplan for Sveio sentrum. Desse to planprosessane skal sjåast i samanheng og det vil liggja føre diverse utgreiingar for sentrum som stadanalyse og barnetråkkregistrering i tillegg til ei overordna skisse for arealbruken før reguleringsplanen blir lagt ut til offentleg ettersyn.

Planarbeidet vert utført av Sveio kommune og ev. spørsmål kan rettast til samfunnsplanleggjar Åse Aleheim, tlf 53748066 eller e-post: ase.aleheim@sveio.kommune.no
 

Frist for å koma med merknad til oppstartsvarsel er 29.06.2018
 

Eventuelle innspel eller merknader skal vera skriftlege og sendast som e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller som brev til Sveio kommune, Postboks 40, 5559 Sveio

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 05.06.2018