Varsel om oppstart av områdeplan for Ekrene Vest gnr. 73

I medhald av plan- og bygningslova § 12-2 og 12-8 vert det på ny varsla oppstart av områderegulering av Ekrene Vest, gnr. 73 bnr. 1 mfl. Bakgrunnen for nytt varsel er at planområdet er utvida i nord-aust mot Viksefjorden naturreservat. 

Området er på omlag 880 daa og har ikkje tidligare vore regulert. Det ligg i gjeldande kommuneplan for Sveio i hovudsak som byggjeområde for bustader (B_43). Føremålet med planen er å leggja til rette for overordna lokalisering av nye bustadfelt med tilhøyrande grøntareal, barnehage og landbruksareal. Det vil bli stilt krav om detaljregulering før framtidig utbygging av desse områda. Tilkomst til området vert via ny Rophusveg som vil inngå i planen på meir detaljert nivå. Kommunen vil i den samanheng vurdera krav om utbyggingsavtaler med grunneigarane som inngår i byggjeområde B_43 i kommuneplanen for å sikra vegtilkomst og tilgang til anna teknisk infrastruktur som vatn, avlaup og straum, før ein kan detaljplanleggja dei nye byggjeområda som områdeplanen vil leggja opp til.

Sidan førre varsel har ein utvida planområdet mellom Fv541 og Viksefjorden naturreservat, dette blir gjort for å utgreiie moglegheita for alternativ trase for ny gang- og sykkelveg til Vikse skule og vidare til Straumavegen. Ein held framleis atterhald om at ei slik detaljering av gang- og sykkelveg vert finansiert med tilstrekkelege planmidlar frå Fylkeskommunen.

Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløysa krav om konsekvensutgreiing etter PBL § 4-2, med grunngjeving at områdeplanen vil vera i samsvar med overordna kommuneplan.

Eventuelle merknader/kommentarar som kan ha verknad til planarbeidet skal vera skriftlege og sendast som e-post til postmottak@sveio.kommune.no eller som brev til:
Sveio kommune v/ Plan- og næringsavdelinga, Postboks 40, 5559 Sveio innan fristen 30.04.2018.

 

Tidlegare innsendte innspel til arbeidet vert teke med vidare i planprosessen.

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 13.03.2018