Varsel om oppstart av planarbeid for endring av detaljregulering for Austre Vikse, frå barnehage til bustad, gnr. 70 bnr. 2 m.fl. Mellombels planID 2022906

I samsvar med plan- og bygningslova §§12-8 og 12-14 vert det med dette meldt at Kvala Arkitekter på oppdrag for Viksefjorden AS, set i gang arbeid med endring av plan 2022906 Detaljreguleringsplan for Austre Vikse.

Hensikta med planarbeidet er å endre regulert barnehagetomt på gnr. 70 bnr. 2 til bustadformål. Planarbeidet er i samsvar med tidlegare politisk vedtak om at Ekrene Gards- og Naturbarnehage ikkje skal flyttast til ny lokalisering på Vikse. Planområdet er om lag 24 daa stort, området som blir omdisponert 5,3 daa. Området ligg like vest for Vikse skule og er ikkje utbygd i dag.

Området er regulert til bustad, barnehage, leikeplass, vegareal og parkering i gjeldande plan. I arealdelen til kommuneplanen er eigedommen vist til offentleg og privat tenesteyting, LNFR-areal for spreidde bustader og LNFR-formål.

Planarbeidet vert varsla som ei endring innanfor ramma for enkel planprosess utan offentleg ettersyn. Dette gjeld endringar i reguleringsplan som i liten grad vil påverke gjennomføring av planen for øvrig, ikkje gå ut over hovudrammene i planen, og heller ikkje rører ved omsynet til viktige natur- og friluftsområde. Dette varselet må derfor reknast som einaste høve til å uttale seg før vedtak blir fatta, jf. plan- og bygningslovens § 12-14, 3. ledd.

Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing, jf. forskrift om konsekvensutgreiing.

Sjå vedlagte plandokument for nærare informasjon.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Kvala Arkitekter v/Åslaug Nyhamn, tlf. 91157234 eller aslaug@kvala.no.

Eventuelle synspunkt på planen skal sendast skriftleg til aslaug@kvala.no eller Kvala Arkitekter, Vestheimvegen 49, 4250 KOPERVIK innan 24.05.2023.