Varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid for gnr. 80 bnr. 11 på Fjon i Sveio

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 vert det gitt varsel om oppstart av reguleringsplanarbeid for gnr. 80 bnr. 11 på Fjon i Sveio. Frist for innspel er  20. Juni 2019

 Målsettinga med planen er å etablere overnattingstilbod med tilhøyrande opplevingar knytt til garden, nærområdet og regionen. Ein ser føre seg oppføring av utleigehytter, tilrettelegging for camping, felles servicebygg og etablering av småbåthamn, parkering og utbetring av tilkomst. Mindre tilleggsverksemd som ikkje fell inn under fritids- og turistføremålet, men som er direkte knytt til utleigeverksemda, kan vera aktuell. I tillegg har ein planer om å leggja til rette for å føra opp eit gardsnaust.

 

Planområdet omfattar delar av gnr. 80 bnr. 11 som tidlegare har vore knytt til campingdrift. Området er i kommuneplanen for Sveio sett av til fritids- og turistføremål, FT_6, småbåthamn, SH_20 og kombinert føremål bustad/fritidsbustad BH_3. Avgrensing av planområdet er vist på vedlagt kartutsnitt og utgjer om lag 54 daa.

 

Området ligg inst i Ålfjorden og det har vore drive turisme på staden sidan 1971. Dette ønskjer ein no å vidareutvikla der gode naturopplevingar skal stå i sentrum. Området har eit rikt fugleliv og ei lun plassering ved elv, innsjø og sjø. Det har i generasjonar vore stor aktivitet knytt til fiske på staden, både i sjø og i Vigdarvatnet. Lokaliseringa ved europavegen (E39) vil gje god tilgjenge til verksemda og det er korte avstandar til lokal- og regional handelsstand og aktivitetstilbod.

 

Planen blir utarbeida som privat detaljregulering i samsvar med gjeldande kommuneplan, og kommunen har vurdert at det ikkje skal stillast krav om konsekvensutgreiing med planprogram for planarbeidet.

 

Tiltaka som er planlagde utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing i Vedlegg I i «Forskrift om konsekvensutredninger», og det er ikkje heller forventingar om at det skal vurderast etter Vedlegg II. Kommunen har gjennomført ei overordna konsekvensutgreiing av planområdet i samband med kommuneplanarbeidet og med det som bakgrunn, saman med at det tidlegare allereie har vore campingplass på området, er kommunen sin konklusjon at det ikkje er naudsynt med meir utfyllande utgreiing av området før planen blir utarbeida.

 

Eventuelle spørsmål kan rettast til Petter J. Rasmussen AS v/Maren Rasmussen (tlf. 91569438).

Synspunkt, merknader eller andre relevante opplysingar kan sendast til Diktervegen 8, 5538 Haugesund,

eller e-post: maren@petter-rasmussen.no innan 20. Juni 2019.

 

 

Vedlegg: Varselkart