Korona – Testing, vaksine og generell info

Overordna koronastatus
Regjeringa har fjerna alle forskriftsfesta smitteverntiltak og anbefalingar. Oppdatert informasjon frå overordna styresmakter finn du på regjeringa sine nettsider: Koronasituasjonen - regjeringen.no 

Skular og barnehagar
Det er ordinær drift i barnehagar og skular i Sveio.

Testing
Det er ikkje lenger anbefalingar om testing ved symptom. Sjå meir informasjon under. 

 

Testsenteret i Aksdal, som Sveio kommune delte med Tysvær, blei lagd ned 1. mai 2022.

 

Dersom du føler deg sjuk er du anbefalt å halda deg heime, uavhengig av årsak. Sjå FHI sine nettsider for meir informasjon. 

Berre kontakt helsevesenet dersom du treng helsehjelp. Utanom opningstidene for din fastlege kan du kontakta legevakta på 116 117.

 

Informasjon om testing og behandling

Testing

Testsenteret blir lagd ned

Testsenteret blei stengd 1. mai 2022.

Ikkje lenger anbefaling om sjølvtest

Helsestyresmaktene har gått bort frå anbefalingar om testing. I ein overgangsperioden vil det likevel vera mogleg å gå gratisk sjølvtestar for dei som ønsker det. 

Du kan henta sjølvtestar på følgande stader:

I inngangshallen på Sveio kommunehus (Sveiogata 70):

  • Måndag–fredag: kl. 08.00–15.30

Ved skular og barnehagar i Sveio kommune (dersom du har barn i den aktuelle skulen/barnehagen).

Nærbutikken Valevåg (i opningstidene)

Det er ikkje lenger nokon karanteneanbefalingar ved positiv sjølvtest. Den generelle anbefalinga er at ein held seg heime dersom ein føler seg sjuk, uavhengig av årsak. 

Registrering av positivt resultat

Positivt resultat skal ikkje lenger registrerast. 

Oppdatert 20. september 2022

Kor kan eg henta hurtigtest/sjølvtest?

Helsestyresmaktene har gått bort frå anbefalingar om testing. I ein overgangsperiode vil likevel gratis sjølvtestar vera tilgjengelege for dei som ønsker det. Desse kan hentast her: 

I inngangshallen på Sveio kommunehus

Måndag–fredag:

  • Kl. 08.00–15.30

På skular og barnehagar i Sveio kommune

I opningstidene, dersom du har barn ved skulen/barnehagen. 

Nærbutikken Valevåg

I opningstidene.

 

Oppdatert 20. september 2022

Behandling av korona med tablettar (Ny!)

Dersom du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vera aktuelt at du får behandling med tablettar. 

Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjukDet er viktig at behandlinga med tablettar startar tidleg. Dersom du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftvegsymptom, bør du teste deg for korona.

Kven vil ha nytte av tablettar?

Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar:

  • Dei som har alvorleg immunsvikt
  • Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom. 
  • Alle som er over 80 år.

Kva skal du gjera dersom du får luftvegssymptom?

Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du òg feber eller vondt i hovudet.

Dersom du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftvegssymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag – i inntil fire dagar.

Dersom sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakta fastlegen din eller legevakt. Dersom testen ikkje viser at du har korona, kan du venta med å kontakte fastlegen.

Dersom symptoma blir verre, bør du kontakte lege, sjølv om sjølvtesten ikkje viser at du har korona.

Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?

Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona dersom:

  • Du har alvorleg immunsvikt, f.eks. dersom du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret.
  • Du er over 65 år, du har ikkje fått vaksne dei siste seks månadene, og du har ein alvorleg kronisk sjukdom.
  • Du er over 80 år
  • Du er over 50 år og har aldri har tatt koronavaksine.

Meir informasjon om kven som har høg risiko, og kva du skal gjera dersom du blir sjuk, finn du på Helsenoreg: Covid-19 - Hva er korona? - Helsenorge

Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjera for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona er å ta koronavaksine.

Publisert 13. januar 2023

 

Vaksine

Kva anbefalingar er det for vaksinering i Norge

Dose 1 og 2

Når du er vaksinert med 1. dose, må det gå nokre veker før du kan få neste dose. Minimum 3 veker mellom 1. og 2. dose (intervallet kan variere ut ifrå kva vaksine som vert tilbudd)

Dose 3 (oppfriskningsdose)

Dose 3 er anbefalt for alle som:

  • er 45 år og eldre
  • tilhøyrer risikogrupper
  • jobbar i helse- og omsorgstenesten

Friske personar mellom 18 og 44 år kan få oppfriskningsdose. Det skal gå minst 20 veker mellom dose 2 og dose 3 (oppfriskningsdose).

Dose 4 (oppfriskningsdose)

Dose 4 er anbefalt for alle som:

Friske personar mellom 18 og 64 år kan også få dose 4

  • Det skal gå minst 4 månadar mellom dose 3 og dose 4

Dersom du har gjennomgått koronasjukdom, må du vente minst 3 veker før du kan få dose 4. Du får betre virkning viss du venter lenger, anbefalingen ligg på 3-4 månader etter bekrefta koronasjukdom

Personer med alvorleg svekka immunforsvar følgjer eige vaksineringsforløp og vert oppmoda til å kontakte Sveio kommune sitt servicekontor ved behov for vaksinering på e-post postmottak@sveio.kommune.no eller telefon 53 74 80 00.

Ta kontakt om noe er uklart.

Generell informasjon om koronavaksinasjon

Koronavaksinasjonen i Sveio kommune er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, kor kommunen skal tilby koronavaksine til alle innbyggarar som ønsker det.

Vaksinen er gratis.

Folkehelseinstituttet sitt vaksinasjonsprogram

På Folkehelseinstituttet si temaside om ansvarsforhold og organisering av koronavaksinasjonsprogrammet i Noreg vil det til ei kvar tid ligga oppdatert informasjon om vaksinen.

Lurer du på om du kan/bør vaksinera deg?

Kontakt fastlegen din. 

Oppdatert 20. september 2022

Oppfriskningsdosar til visse grupper

Oppfriskningsdose til personar i aldersgruppa 18–64 år med underliggande risiko for alvorlig sjukdomsforløp

Regjeringa har avgjort å gi oppfriskingsdose mot covid-19 til risikogrupper mellom 18 og 64 år. Denne gruppa kan vaksinera seg på Apotek 1 på Sveio senter. 

Personer i aldersgruppa 18–64 år med følgande sjukdommar/helsetilstandar blir vurdert å ha ein auka risiko for alvorleg sjukdomsforløp av covid-19:

  • organtransplanterte
  • alvorleg og moderat immunsvikt
  • immundempande legemiddelbehandling som ved autoimmune sjukdommar
  • hematologisk kreftsjukdom siste fem år
  • anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempende behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)
  • alvorleg nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (f.eks. ALS og cerebral parese)
  • Downs syndrom
  • kronisk nyresjukdom og nyresvikt
  • kronisk leversjukdom eller betydelig nedsett leverfunksjon
  • demens
  • kronisk lungesjukdom, inkludert alvorlig astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroider eller steroidtablettar siste året
  • fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)
  • hjerneslag
  • diabetes, og då særleg pasientar med langvarig eller dårlig kontrollert sjukdom eller diabetesseinkomplikasjonar.

Oppfriskningsdose til andre personar i aldersgruppa 18–64 år

Regjeringa har no gitt moglegheit for at alle personar i aldersgruppa 18–64 år kan få oppfriskningsdose (4. dose) av koronavaksinen for dei som sjølve ønsker dette.

Sveio kommune opnar for drop in-tilbod følgande dagar:

  • Torsdag 8. desember 2022 – kl. 12.00–15.00
  • Tysdag 13. desember 2022 – kl. 12.00–15.00

Stad: Sveio soknehus

Oppfriskningsdose til ungdom i aldersgruppa 12–17 år med alvorlig grunnsjukdom

Folkehelseinstituttet anbefaler at ungdom i alderen 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom nå bør få tilbod om ein oppfriskningsdose. For å avtala vaksinasjon av personar i denne gruppa, kontakt Servicekontoret på telefon 53 74 80 00 eller e-post postmottak@sveio.kommune.no

Anbefalinga gjeld ungdom 12–17 år med dei alvorlige grunnsjukdommene nemnde under. Denne lista med grunnsjukdommar er forskjellig frå lista for vaksne.

  • organtransplantasjon (f.eks. hjarte, nyre, lever etc.)
  • immunsvikt (eksempelvis medfødd immunsvikt eller bruk av medikament som gir betydeleg systemisk immunsuppresjon)
  • hematologisk kreftsjukdom (f.eks. leukemi, lymfom) siste fem år
  • anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta (innan siste seks månadar) behandling mot kreft – spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift
  • nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller nedsett lungefunksjon
  • kronisk nyresjukdom med betydelig nedsett nyrefunksjon
  • alvorleg hjartesjukdom (born med hjartesvikt, alvorlig pulmonal hypertensjon, cyanose, ettkammer-sjukdom/«Fontan-barn»)
  • alvorleg lungesjukdom (f.eks. cystisk fibrose, svært alvorlig astma med forverringar som har hatt behov for akutt sjukehusinnlegging siste året)
  • anna svært alvorlig sjukdom (vaksinasjon i slike tilfelle må vurderast individuelt av barnelege)

Oppfriskningsdose til gravide

Gravide har auka risiko for alvorleg koronasjukdom samanlikna med ikkje-gravide kvinner på samme alder. Risikoen for alvorleg sjukdom auker utover i svangerskapet og er størst i 2. og 3. trimester. Dersom den gravide samtidig har andre risikofaktorar, som for eksempel fleirlingsvangerskap eller underliggande sjukdom, auker risikoen ytterlegare. Folkehelseinstituttet anbefaler at gravide i 2. og 3. trimester får tilbod om oppfriskningsdose, ettersom det er då dei har høgast risiko for alvorlig sjukdom. Dette er uavhengig av om dei berre er grunnvaksinerte frå før eller allereie har mottatt ein oppfriskningsdose. Det bør ha gått minst fire – 4 – månader sidan førre dose.

Oppdatert 6. desember 2022

Vaksinasjon på Apotek 1

Ved behov for vaksinasjon som ikkje kan planleggast ut frå apoteket sitt vaksinasjonstilbud ber me om at du tar kontakt med Sveio kommune sitt servicekontor på e-post postmottak@sveio.kommune.no eller telefon 53 74 80 00.

***

Kvar tysdag kan følgjande grupper få tilbod om vaksinasjon:

  • alle over 16 år få 1., 2. og 3. dose, og
  • risikogrupper mellom 18–64 år
  • alle over 65 år kan få 4. dose
  • aldersgruppa 18-64 år kan få 4.dose om dei sjølve ønsker

Intervall på 20 veker mellom 2. og 3. dose

Intervall på fire månader mellom 3. og 4. dose.

Time kan bestillast her:

Bestill koronavaksinasjon på Apotek 1

Ved spørsmål knytta til vaksinasjon, ta kontakt med Sveio kommune sitt servicekontor på e-post postmottak@sveio.kommune.no eller telefon 53 74 80 00 (alle kvardager mellom kl. 08.30 og kl. 13.00).

For vaksinasjon av barn mellom 5–11 år, ungdom mellom 12–15 år og 4. dose for ungdom mellom 12–17 år i risikorgrupper, ta kontakt med kommunen sitt servicekontor.

Oppdatert 23. desember 2022

Vaksinasjon for aldersgruppene 5–11 og 12–15 år

Sveio kommune kan no tilby koronavaksinasjon for aldersgruppa 5–11 år og dose nr. 2 for aldersgruppa 12–15 år.

Vaksinetelefonen blir avvikla f.o.m. 25. mars 2022, grunna få førespurnadar. Ved spørsmål knytta til vaksinering, ta kontakt med Sveio kommune sitt servicekontor på tlf. 53 74 80 00, alle kvardager mellom kl. 08.30 og kl. 1300.

Vaksinasjon av barn 5–11 år

Barn i denne aldersgruppa kan vaksinerast mot korona dersom føresette ønsker det.

Tilbodet vil gjelda for følgande årskull:

  • 2010
  • 2011
  • 2012
  • 2013
  • 2014
  • 2015
  • 2016
  • Barn født i 2017 som er fylte 5 år kan få tilbod

Tilbodet er mest aktuelt for barn med kroniske sjukdommar (tilsvarande same grupper som anbefalast influensavaksine), familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse, barn som har auka risiko fordi dei skal flytta til eller opphalda seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgang på helsetenester enn Noreg og barn som av andre grunnar lever i ein utsett situasjon.

Det er utarbeidd ein eigen vaksine for denne aldersgruppa levert av Pfizer/BioNTech, og det er denne som vil bli nytta under vaksinasjonen av dessa årskulla her i Sveio kommune. Denne vaksinen inneheld 10 mikrogram antigen mot 30 mikrogram antigen i vaksinen som nyttast frå 12 år og oppover.

Vaksinasjon av barn/ungdom i alderen 12–15 år

Ved 2. dose er det ein fordel med langt intervall på meir enn 12 veker etter 1. dose, for å minska risikoen for biverknadar.

Dose nr. 2 kan vera særleg aktuell for dei som har kroniske sjukdommar, har nær kontakt med utsette personar, eller skal opphalda seg i eller reisa til land som krev to dosar i koronasertifikatet for denne aldersgruppa (gjeld ikkje alle land).

Tilbod om 2. dose vil gjelda for følgande årskull:

  • 2006
  • 2007
  • 2008
  • 2009

Folkehelseinstituttet anbefaler å bruka vaksinen Comirnaty frå BioNTech/Pfizer, og det er denne som vil bli brukt under vaksinasjonen av dessa årskulla her i Sveio kommune.

Oppdatert 24. mars 2022

 

Oppvekst, familie, barn og unge

Bruk av helsestasjonen, jordmor- og skulehelsetenesta

Me har no tilnærma normal drift ved helsestasjonen, hos jordmor og i skulehelsetenesta.

Me kjem til å starta opp igjen med barselgrupper etter påske; dei som det blir aktuelt for vil få brev med tilbod om å vera med i gruppa.

Har ein symptom på koronasmitte eller forkjøling, skal ein ikkje komma på helsestasjonen eller til jordmor. Kontakt oss då pr. telefon, så skal me ordna ny time eller me kan ta timen over telefon.

Telefon helsestasjon: 53 74 81 20 og 53 74 81 21

Telefon jordmor: 53 74 81 22 eller mobil 468 81 919

Oppdatert 11. mars 2022

 

Diverse informasjon

Nyttige lenker

Du finn mykje nyttig informasjon på informasjonssidene til Folkehelseinstituttet (FHI) og på Helsenorge.no. Ei enkel oversikt over Folkehelseinstituttet sine råd til befolkninga finn du her.  

Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på, kan du ringa Helsedirektoratet sin informasjonstelefon på 815 55 015 (kvardagar kl. 08.00–15.30). Helsedirektoratet oppfordrar til at ein les informasjon på nett før ein eventuelt ringer informasjonstelefonen.

Oppdatert informasjon om situasjonen nasjonalt finn du på regjeringa sine nettsider.   

Oversikt over lokale og nasjonale info-, hjelpe- og krisetelefonar/-tenester

SVEIO

  • Psykisk helseteneste (for alle over 18 år): 53 74 82 23

    Måndag–fredag 10.00–14.00
     
  • Spesialpedagogar/foreldrerettleiarar (tips og råd til foreldre): 951 79 336 / 412 08 161
     
  • Kontaktpersonar for barn og unge (11–18 år): 928 62 539 / 958 57 557 / 464 20 323 / 951 33 239

    Måndag–fredag 14.00–21.00
     
  • Rådgiving til lokalt næringsliv (inkl. sjølvstendig næringsdrivande) via Atheno: post@atheno.no
     
  • Røde Kors Haugesund: 477 62 450

    Alle dagar kl. 17.00–19.00

NASJONALT

Treng du hjelp med praktiske oppgåver? – Kontakt Sveio Frivilligsentral

Sveio Frivilligsentral oppmodar dei som ønsker hjelpa til som frivillig, samt dei som treng hjelp til noko i samband med koronasituasjonen, om å ta kontakt!

I situasjonen landet no er inne i, er det mange som sit heime i karantene, og mange som er i risikosonen og som dermed bør halda seg mest mogleg heime for å unngå å bli smitta. Samstundes er det mange som kanskje har litt ekstra tid, og kunne tenka seg å hjelpa til med praktiske ting.

Kommunen og Sveio Frivilligsentral oppmodar derfor både dei som ønsker å hjelpa, og dei som treng hjelp, om å melda frå til frivilligsentralen. Frivilligsentralen organiserar arbeidet gjennom portalen Friskus. For å registrera deg som frivillig eller melda om behov for hjelp, følg denne lenka.

Oppgåver som kan vera aktuelle er f.eks. handling, lufting av hundar, utkøyring av mat frå sjukeheimen til heimebuande eldre og andre mindre, praktiske oppgåver.

Kontaktpersonar hos Sveio Frivilligsentral (måndag–fredag 08.00–16.00):

Kristianne Uri
488 81 528
kristianne.uri@bymisjon.net

Guro Røher Eriksen
488 62 318
guro.roher.eriksen@bymisjon.net

 

Information in English

Information in English

General information

General information on the coronavirus is available in English here:

The Norwegian Institute of Public Health

The Norwegian Directorate of Health

If you do not find the information you are looking for, you may call the Directorate of Health's information line on 815 55 015.

If you feel sick, you should stay at home. If you need medical attention, contact your doctor by telephone or call the emergency out-of-hours clinic (116 117).

Updated 25th April 2022