Koronaviruset

Klikk for stort bileteStatus no: 

Sveio kommune er underlagd tiltaksnivå A. Les meir her.

Skulane er på raudt nivå. Les meir her. 

Barnehagane er på raudt nivå. Les meir her. 

Informasjon om vaksinasjon finn du her

Viktig informasjon om testing for koronavirus: Sveio deler testsenter med Tysvær, og senteret ligg i Aksdal. Personar som er innbyggarar i kommunen og over tolv år kan bestilla time via nett. Testsenteret kan òg kontaktast på tlf. 52 75 74 00 (kvardagar kl. 08.30–11.00 og 12.00–15.00).

***

Om du mistenker at du kan vera smitta bør du halda deg heime. Sjå FHI sine nettsider for konkrete råd.

Berre kontakt helsevesenet dersom du treng helsehjelp. Kontakt i så fall fastlegen din pr. telefon. Legevakta skal kontaktast på 116 117 ved behov for akutt legehjelp etter kl. 15.30 og i helgene.

Informasjon og kontakt

Korona – informasjon og kontakt

Nyttige lenker

Du finn mykje nyttig informasjon på informasjonssidene til Folkehelseinstituttet (FHI) og på Helsenorge.no. Ei enkel oversikt over Folkehelseinstituttet sine råd til befolkninga finn du her.  

Dersom du ikkje finn svar på det du lurer på, kan du ringa Helsedirektoratet sin informasjonstelefon på 815 55 015 (kvardagar kl. 08.00–15.30). Helsedirektoratet oppfordrar til at ein les informasjon på nett før ein eventuelt ringer informasjonstelefonen.

Oppdatert informasjon om situasjonen nasjonalt finn du på regjeringa sine nettsider.   

Oversikt over lokale og nasjonale info-, hjelpe- og krisetelefonar/-tenester

SVEIO

  • Psykisk helseteneste (for alle over 18 år): 53 74 82 23

    Måndag–fredag 10.00–14.00
     
  • Spesialpedagogar/foreldrerettleiarar (tips og råd til foreldre): 951 79 336 / 412 08 161
     
  • Kontaktpersonar for barn og unge (11–18 år): 928 62 539 / 958 57 557 / 464 20 323 / 951 33 239

    Måndag–fredag 14.00–21.00
     
  • Rådgiving til lokalt næringsliv (inkl. sjølvstendig næringsdrivande) via Atheno: post@atheno.no
     
  • Røde Kors Haugesund: 477 62 450

    Alle dagar kl. 17.00–19.00
     
  • Koronatestsamarbeid med Tysvær: 52 75 74 00

    Måndag–fredag 08.30–15.00 

NASJONALT

 

Statusoppdateringar og siste nyhende

Korona – statusoppdateringar

Smitte pr. veke

I denne oversikta blir det lagd inn tal på kor mange innbyggarar i Sveio som blir bekrefta som koronasmitta den enkelte dag.

Smittestatus – Veke 14
Veke 14 Mån. 5. april Tys. 6. april Ons. 7. april Tor. 8 april Fre. 9. april Laur. 10. april Søn. 11. april
1 0 0 0 0
Smittestatus – Veke 13
Veke 13 Mån. 29. mars Tys. 30. mars Ons. 31. mars Tor. 1. april Fre. 2. april Laur. 3. april Søn. 4. april
0 0 3 0 0 0 0
Smittestatus – Veke 12
Veke 12 Mån. 22. mars Tys. 23. mars Ons. 24. mars Tor. 25. mars Fre. 26. mars Laur. 27. mars Søn. 28. mars
1 1 2 0 1 0 0
Smittestatus – Veke 11
Veke 11 Mån. 15. mars Tys. 16. mars Ons. 17. mars Tor. 18. mars Fre. 19. mars Laur. 20. mars Søn. 21. mars
0 4 2 1 1 0 1

 

9. april – Regional anbefaling om aktivitetar for barn og unge

Følgande anbefaling gjeld på Haugalandet for aktivitetar for barn og unge under 20 år mens skulane er på raudt nivå. 

Skulane er inntil vidare på raudt nivå. I denne perioden blir det anbefalt at aktivitetar for barn og unge under 20 år ikke blir gjennomførte med fleire enn 10 deltakere, i tillegg til 1–2 vaksne som legg til rette.

Avgrensinga gjeld aktivitetar både innandørs og utandørs. Det kan gjerast unntak frå den generelle anbefalinga om å halda avstand når det er nødvendig for å driva med den aktuelle aktivitet.

Kampar, cupar, stemner etc. bør framleis utsettast. Anbefalinga gjeld så lenge skulane er på raudt nivå, førebels til og med 18. april 2021.

Anbefalinga gjeld frå og med 12. april, då tiltaksnivå A blir avslutta. 

8. april 2021 – Skulane på raudt nivå òg neste veke

Skulane er framleis på raudt nivå, og vil fortsetta å drifta på raudt nivå i veke 15 (12.–18. april).

Smittetala går no nedover på Haugalandet. Kommunen følger situasjonen tett, og dersom denne trenden fortset, vil det vera aktuelt å gå over til gult nivå i skulane og barnehagane frå og med veke 16 (19. april).

***

6. april 2021 – Skulane opnar som planlagd

Kommunen har vurdert smittesituasjonen og ser det som trygt å opna skulane igjen, på raudt nivå, frå og med i morgon.

Sveio kommune har vore i dialog med nabokommunar, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, og det er bestemt at skulane opnar igjen frå og med i morgon – onsdag 7. april – på raudt nivå. Dei andre kommunane på Haugalandet gjer det same.

Du kan lesa meir om trafikklysmodellen hos Utdanningsdirektoratet:

***

3. april 2021 – Framleis aktuelt med skuleopning etter påske

Det er framleis aktuelt å opna skulane igjen etter påske, som meldt 25. mars.

Etter ei ny vurdering av smittesituasjonen i dag, planlegg kommunane på Haugalandet – inkludert Sveio – framleis å opna skulane på raudt nivå frå og med onsdag etter påske. På tysdagen blir det heimeundervisning. 

Ei ny vurdering blir gjort tysdag 6. april. 

***

25. mars 2021 – Skulane kan bli opna etter påske

Kommunane på Haugalandet, inkludert Sveio, planlegg for å kunna opna skulane for undervisning på raudt nivå over påske dersom den lokale smittesituasjonen gjer dette mogleg.

Kommunane vil følga smittesituasjonen gjennom påsken, og vil gjera ei ny vurdering påskeaftan 3. april.

Dersom det blir opna for undervisning på raudt nivå, vil skulane bruka 6. april til å klargjera for dette nivået, og det vil derfor bli digital undervisning denne dagen.

Barnehagane fortset på raudt nivå i påskeveka og i veka etter påske. SFO fortset som no til og med 6. april.

 

Generell informasjon

Korona – generell informasjon

Sveio kommune er underlagd smittevernstiltak på nivå A

Smittesituasjonen i kommunane på Haugalandet er i utvikling. Regjeringa har med bakgrunn i dette vedtatt å innføra kommunane i kapittel 5A i den nasjonale covid-19-forskrifta. Dette gjeld frå og med 17. mars til og med 11. april.

Forskrifta inneber at ei lang rekke verksemder må stengast ned frå midnatt. Målet er å redusera smittespreiinga.

Les pressemeldinga frå regjeringa her.

Desse må halda stengd

Fra midnatt må følgande virksemder halda stengd fram til og med 11. april 2021:

Serveringsstader, utestader, butikkar, varehus, treningssenter, svømmehallar, badeland og så vidare, trus- og livssynshus, bibliotek, fornøyelsesparkar, museum, kinoar, teater og tilsvarende.

Unntak

Det er unntak fra føresegna. Blant anna kan matbutikkar halda ope. Det blir skjenkestopp og forbuod mot arrangement, med unntak av garvferder og bisettingar.

Munnbind

Det er ei plikt å bruka munnbind i offentleg rom kor éinmeters-regelen ikke kan overhaldast.

Les meir om tiltaka på regjeringa sine nettsider.

Informasjon om vaksine og registrering til vaksinekø

For informasjon om vaksinasjon og registrering til vaksinekø: Trykk her. 

Bestill time for koronatest på nett

Frå og med måndag 28. september er løysing på plass for å digitalt bestilla koronatest ved testsenteret i Aksdal. Det betyr at alle som er busett i Sveio kommune kan finna ønska tidspunkt for testing og gjera timeavtale via nettet. Nettløysinga kan berre brukast til å bestilla time for personar som er over tolv år (samt for barn under tolv år med avtale med lege). 

Dei som ikkje er innbyggarar i Sveio (eller Tysvær) må framleis ringa for å bestilla time. Det same gjeld dersom det gjeld time for barn under tolv år (som ikkje har avtale med lege) eller for personar som ikkje sjølv har biltransport. Nummeret til testsenteret er 52 75 74 00 (ope kvardagar kl. 08.30–11.00 og 12.00–15.00).

For å bestilla time via nett, trykk på knappen under:

Bestill time

Besøk ved Sveio omsorgssenter

Sveio omsorgssenter er opent for besøk. Det blir lagd til rette for besøk etter trygge smittevernreglar.

Pårørande må ringa på førehand og avtala besøk.

Kvardagar: Ring mellom mellom kl.10.00–15.00 på tlf. 903 62 208

Helg og heilagdagar: Ring direkte til avdelinga.

  • Vestbakken, tlf. 53 74 82 31
  • Sørbakken, tlf. 53 74 82 59
  • Utsikten, tlf. 53 74 82 62

Sveio omsorgssenter har følgande retningslinjer for besøk:

  • Besøkende må ta omsyn til pasientane og avdelinga sine daglege rutinar.
  • Smittevernreglar  følgast. Munnbind er påbode for besøkande.
  • Besøkande må ringa når dei kjem på huset og vil bli sleppte inn av personalet.
  • Det registrerast kven som er på besøk med omsyn til smittesporing.
  • Besøk skal skje på pasienten sitt rom.
  • Dersom du hostar, har feber eller har andre symptom på smittsam sjukdom, skal du ikkje besøka omsorgssenteret før du er frisk.
  • Det blir òg lagd til rette for at pårørande kan gjennomføra digitale møte via Meet.

Oppdatert 23. mars 2021

Gjeldande anbefalingar om sosial kontakt

Sveio kommune er – etter avgjerd frå regjeringa – innlemma i covid-19-forskrifta, kapittel 5A, og som følge av dette underlagd «tiltaksnivå A». Av forskrifta følger ein del formelle påbod og forbod, blant anna forbod mot arrangement og fritidsaktivitetar (med nokon unntak).

Av tiltaksnivå A følger òg nokon anbefalingar når det gjeld sosial kontakt.

Alle bør unngå besøk heime og samankomstar i eigen heim. Frå denne anbefalinga er det nokon unntak:

  • Aleinebuande blir anbefalt å berre ha besøk av eller gå på besøk til éin til to faste venner eller éin fast husstand.
  • Barn og unge blir anbefalt å berre ha besøk av eller å gå på besøk til éin til to faste venner. For barn gjeld dette i tillegg til besøk frå eller hos eigen barnehage- og barneskulekohort.
  • Nødvendige heimetenester og besøk hos personar som er i livets siste fase er ikkje omfatta av anbefalinga om å unngå besøk.

Alle bør halda to – 2 – meters avstand i møte med andre personer. Denne anbefalinga gjeld ikkje personar i eigen husstand eller venner og besøk som nemnde i kulepunkta over.

Alle bør unngå reiser som ikkje er nødvendige. (Reise til arbeid blir sett på som nødvendig, sjølv om alle som kan det blir anbefalt å ha heimekontor – etter forskrifta er det plikt for arbeidsgivarar å sørga for at tilsette arbeider heimefrå så langt det er praktisk mogleg.)

Busette i kommunen blir anbefalt å ikkje dra til opne kjøpesenter eller varehus i nabokommunar.

Busette i kommunen som har fritidsbustad i anna kommune blir anbefalt å berre dra saman med personar i eigen husstand. Ein blir anbefalt til å gjera alle innkjøp i eigen kommune før avreise og å ikkje oppsøka butikkar, serveringsstader eller møteplasser med mange menneske i hyttekommunen. Vidare blir ein anbefalt å halda god avstand til andre i skiløyper, skitrekk og på gåtur. Sjekk kva råd og reglar som gjeld for hyttekommunen, og følg desse. Ein blir anbefalt å ikkje ta imot besøk.

Publisert 19. mars 2021

Treng du hjelp med praktiske oppgåver? – Kontakt Sveio Frivilligsentral

Sveio Frivilligsentral oppmodar dei som ønsker hjelpa til som frivillig, samt dei som treng hjelp til noko i samband med koronasituasjonen, om å ta kontakt!

I situasjonen landet no er inne i, er det mange som sit heime i karantene, og mange som er i risikosonen og som dermed bør halda seg mest mogleg heime for å unngå å bli smitta. Samstundes er det mange som kanskje har litt ekstra tid, og kunne tenka seg å hjelpa til med praktiske ting.

Kommunen og Sveio Frivilligsentral oppmodar derfor både dei som ønsker å hjelpa, og dei som treng hjelp, om å melda frå til frivilligsentralen. Frivilligsentralen organiserar arbeidet gjennom portalen Friskus. For å registrera deg som frivillig eller melda om behov for hjelp, følg denne lenka.

Oppgåver som kan vera aktuelle er f.eks. handling, lufting av hundar, utkøyring av mat frå sjukeheimen til heimebuande eldre og andre mindre, praktiske oppgåver.

Kontaktpersonar hos Sveio Frivilligsentral (måndag–fredag 08.00–16.00):

Kristianne Uri
488 81 528
kristianne.uri@bymisjon.net

Guro Røher Eriksen
488 62 318
guro.roher.eriksen@bymisjon.net

Gjennomføring av gudstenester og gravferder

Ved gjennomføringa av gudstenester og gravferder må ein, som i alle andre situasjonar i perioden me no er inne i, følga dei generelle råda og retningslinjene frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.

Deltakarar i gudstenester og gravferder må skriva namn og telefonnummer på ein lapp og levera i kyrkja. Dette for å kunna driva effektiv smittesporing dersom det blir nødvendig.

Når nå smittevernet lokalt er heva til nivå A, vil gudstenester gjennomførast som digitale arrangement.

Ved gravferd kan 30 stykk delta om kyrkja er stor nok til at nødvendig avstand kan haldast.

Maksimalt tal på deltakerar i den enkelte kyrkje blir:

  • Sveio kyrkje: 30 stykk
  • Valestrand kyrkje: 30 stykk
  • Førde kyrkje: 30 stykk
  • Eikeland kapell: 25 stykk

Alle som er til stades i seremonien må nytta munnbind

Personar som sit i karantene pga. nærkontakt med stadfesta tilfelle av korona eller reise til utlandet, og dei som sit i isolasjon pga. stadfesta koronasmitte eller symptom, skal ikkje delta i gudstenester/gravferder.

Heller ikkje dei som opplev luftvegssymptom, sjølv om det er lette symptom, skal delta i gudstenester/gravferder.

Oppdatert 18. mars 2021

Nye opningstider for Servicekontoret

Servicekontoret på kommunehuset er opent for fysisk oppmøte.

Nye opningstider for Servicekontoret og sentralbordet (telefon) er: 

Kvardagar 08.30–13.00.

Dersom du har symptom på koronasmitte, eller har hatt dette i løpet av dei siste 14 dagane, skal du ikkje oppsøka offentlege bygg, inkludert kommunehuset, skular, barnehagar, omsorgssenter, omsorgsbustadar, Vigdartun og biblioteket. Det same gjeld dersom du den siste tida har vore på reise utanlands.

Me minner om symptoma på koronasmitte, som ifølge Folkehelseinstituttet kan likna symptoma ein får dersom ein er forkjølt eller har influensa:

  • Sår hals
  • Feber
  • Hoste

Oppdatert 6. januar 2021

Akutt sosialhjelp frå NAV og generell informasjon

Telefonnummer ved akutt behov for sosialhjelp frå NAV

Ved akutt behov for sosialhjelp kan ein ringe NAV anten via kontaktsenteret på 55 55 33 33 eller på mobilnummer 476 08 496.

For emergency contact with NAV about social benefits call mob:  476 08 496

Skjema

Det er nå enkelt å søke om økonomisk stønad digitalt på nav.no/sosialhjelp. Alternativt kan du skrive ut søknasskjema under, fylle det ut og legge det i postkassen utanfor NAV-kontoret i Sveio sentrum. 

 

Dersom du ikkje har høve til å skriva ut skjemaet, kan du komma innom NAV i opningstida å få utlevert skjema. 

Dersom du har symptom på koronasmitte, har hatt dette i løpet av dei siste 14 dagane eller har vore utanlands dei siste 14 dagane, skal du ikkje oppsøka NAV kontoret. Me ber då om at du sender nokon andre for å henta skjemaet på dine vegner.

Generell informasjon

Sveio kommune oppmodar personar som opplever at koronapandemien får konsekvensar for arbeidssituasjonen deira om å finna informasjon på NAV si  samleside for koronarelaterte spørsmål

 

Oppvekst, familie, barn og unge

Korona – oppvekst, familie, barn og unge

Bruk av helsestasjonen, jordmor- og skulehelsetenesta

Informasjon frå Sveio helsestasjon om vedtatt forskrift om førebygging av koronasmitte i Sveio, som gjeld frå og med 12. mars 2021 og fram til og med 26. mars 2021.

Sveio helsestasjon vil i denne perioden vera tilgjengelg for barn, unge, foreldre og gravide, men med visse forandringar:

  • Helstasjonen kjem til å ha ein del kontrollar via telefon. Har du time ved helsestasjonen i dette tidspunktet kjem du til å bli kontakta dagen før.
  • Dei tilsette kjem til å vera på heimekontor når det er mogleg, men koplar fasttelefonane sine over til mobiltelefonar.
  • Dei som må inn for vekt, lengde, vaksinasjon o.l. skal berre ha ein forelder med seg, ikkje søsken, og denne kontakten vil skje med mest mogleg to meter avstand og maks. 15 min. varigheit. Ein nyttar munnbind der det vil fungera, ut frå barn sin alder og korleis dei reagerer på det.
  • Kontrollar hos jordmor vil skje over telefon når det gjeld informasjon og spørsmål, og ved korte fysiske møter hos jordmor på maks. 15 minutt med munnbind. Me ønsker helst at partnar ikkje er med i denne perioden. Jordmor tar kontakt med den gravide dagen før avtalt time.
  • Skulehelsetenesta vil bli med mindre fysisk kontakt på Vikse, Førde, Valestrand og Auklandshamn skule. Dette fordi helsesjukepleiar som har desse skulane òg jobbar inne på helsestasjonen og dermed vil ha ei stor kontaktflate. Skulehelsetenesta kan sjølvsagt nyttast i enkelte tilfelle etter avtale, og vil halda kontakt med skulane via telefon/Teams.
  • Ved Sveio barneskule og ungdomsskule vil helsesjukepleiar vera meir fysisk til stades, samt via telefon/Teams

Me vonar denne perioden med tiltak raskt vil gå over til «lettare» tiltak. Heldigvis kan mykje ordnast via telefon og Teams. Berre ta kontakt med oss!

Telefon: 53 74 81 20 eller 53 74 81 21
Jordmor: 53 74 81 22

Når skal sjuke barn haldast heime frå skule/barnehage og testast for covid-19?

Klikk for stort bilete 

Når skal ungdom og vaksne vera heime frå arbeid/skule og testast for covid-19?

Klikk for stort bilete 

Informasjon til gravide frå jordmor

Å vera gravid er ei stor livshending – og eit krevjande arbeid. Ein ny verdensborgar er på veg og dyrebar last skal takast omsyn til både i eigen livsstil, i familien og på arbeidsplassen. I ei slik omstilling søker me ofte informasjon.

Samstundes er det mange som er engstelege for koronasituasjonen. Korleis påverkar det barnet i magen? Korleis vil oppfølging i svangerskapet bli? Kva med fødselen?

Nedanfor har eg samla nokon tips som kan gi god informasjon og nyttig læring i svangerskap og til fødselen:

Koronarelatert informasjon: helsenorge.no/koronavirus/gravide-og-ammende

Er du gravid og i arbeid, og i risikogruppa på grunn av korona? https://familie.nav.no/om-svangerskapspenger

Informasjon fra Helse Fonna for gravide og fødande: Sjå nettside her.

Informasjonsfilm for barn om koronaviruset

Mange barn og unge har spørsmål om koronaviruset. I denne YouTube-filmen får ein svar på spørsmål som Hermine (13) stiller legen Helen i Helsedirektoratet.

Tilbod om rettleiing til dei med barn i alderen 0–10 år

I denne spesielle tida kan kvardagen for mange vera utfordrande. 

Dersom du treng nokon å snakke med, eller treng tips, råd eller rettleiing om barn, så ikkje nøl med å ta kontakt:

Merete Eriksen Lier, spesialpedagog/foreldrerettleiar (COS-p) på tlf./sms 951 79 336 eller på e-post meeri@sveio.kommune.no.

Linn Haaversen Møllerhaug, spesialpedagog/foreldrerettleiar (COS-p) på tlf./sms 412 08 161 eller på e-post limol@sveio.kommune.no.

Kontaktpersonar for barn og unge

Treng du nokon å prata med? 

Mellom kl. 14.00–21.00, måndag–fredag kan alle mellom 11–18 år ta kontakt med ein av våre kontaktpersonar for å snakka om kva som helst:

Flemming Lothe 928 62 539 / flemming@sveio.kommune.no 

Gisle Sørhus 958 57 557 / gisle.sorhus@sveio.kommune.no

Anne Vierdal 464 20 323 / anne.vierdal@sveio.kommune.no

Marit Opheim 951 33 239 / marit.harboe.opheim@sveio.kommune.no

 

Kultur, idrett, næring og tenester

Korona – kultur, idrett, næring og tenester

Bruk av Vigdartun og skular i samband med arrangement

Vigdartun og skulane er no tilgjengelege for utleige til arrangement, men leigetakarar må følga smittevernrutinar.

For å leiga lokale i Vigdartun eller nokon av skulane i Sveio til eit arrangement (idrett, kultur etc.) må ein ta direkte kontakt med det konkrete lokalet. 

Ein vil måtta fylla ut ei eigenfråsegn kor ein stadfestar at ein vil følga nærmare bestemte smitteverntiltak om bl.a. oversikt over deltakarar, hygiene, reingjering m.m. Meir informasjon får ein i dialog med utleigar.

Publisert 7. september 2020

Bruk av utanlandsk arbeidskraft

Det er mange verksemder innan både maritim industri, bygg- og anlegg, gardsdrift m.m. i vår region som nyttar arbeidskraft frå utlandet. Arbeidsgivarar har meldt om utfordringar knytt til mangel på arbeidskraft, og det er eit stort behov for å få arbeidstakarar frå utlandet i arbeid. Dette må gjerast slik at smittevernreglane blir overhaldne. 

Etter mønster frå nabokommunar har derfor Sveio fastsett nokon enkle, lokale retningslinjer innanfor nasjonale helsestyresmakter sine smittevernreglar. Desse anbefalte retningslinjene er som følger:

  • Alle frå utlandet må vera i karantene i ti – 10 – dagar etter at dei har komme til Noreg.
  • Opptil fem – 5 – personar kan vera saman i karantenetida. Dette inneber at ein kan dela fellesområde som bad, kjøkken og stove. Kommunen anbefaler at det ikkje er fleire enn fem personar som deler på fellesareal og sanitæranlegg. Dette er òg i tråd med Arbeidstilsynet sin rettleiar
  • Avgrensing av talet på personar som bur saman i karantenetida er av omsyn til smittesporing dersom ein arbeidstakar blir sjuk, og for å unngå at mange personar må settast i karantene fordi dei er nærkontaktar. 
  • Arbeidstakarar som kjem frå utlandet kan ikkje bruka offentleg transport. Transport må bli arrangert særskild, eventuelt at dei som skal bu saman bruker same leigebil. 
  • Dersom ein av arbeidstakarane i ei felles bueining får påvist covid-19, vil karantene for nærkontaktar sjølvsagt òg gjelda for dei andre i bueininga. 

Kva gjeld når ein er i karantene? 

Formålet med karantene (òg kalla "heimekarantene") er å unngå smitte til andre i det ein eventuelt er i ferd med å utvikla sjukdom. Følgande gjeld for personar i karantene: 

  • Ein skal ikkje på på skule eller jobb.
  • Personar som bur saman kan omgå kvarandre som normalt.
  • Ein skal ikkje ta lengre reiser innanlands eller reisa utanlands.
  • Ein skal ikkje ta offentleg transport.
  • Ein bør unngå stader kor det er vanskeleg å halda avstand.
  • Ein bør som hovudregel ikkje oppsøka offentlege stader, slik som butikkar og kaféar. Ved mangel på alternativ kan ein gå ut for å gjennomføra nødvendige ærend i butikk eller apotek, men sørg for å halda tilstrekkeleg avstand (minst éin – 1 – meter) til andre og unngå kø. 
  • Ein kan gå tur iute, men hald minst éin – 1 – meter avstand til andre.
  • Ein må vera merksam på eigne symptom. Ved feber eller luftvegssymptom bør ein isolera seg snarast mogleg. 

Finst det unntak frå jobbforbod ved innreisekarantene?

Helsedirektoratet opnar for at sesongarbeidarar på gardsbruk kan arbeida i karantenetida. Det same gjeld andre arbeidarar som jobbar saman utan kontakt med andre menneske, eller som i arbeidet berre har kontakt med dei som ein ein allereie deler bustad med. Ein føresetnad er at dette skjer på trygt vis med omsyn til smitterisiko. Følgande føresetnadar gjeld:

  • Arbeidstakarane må i karanteneperioden kunna halda minst to – 2 – meters avstand, og generelle smittevernsråd må følgast. 
  • Arbeidsgivar bør i forkant ha gjort ei risikovurdering av kva arbeidsoppgåver og -prosessar som kan la seg gjennomføra og gjera eventuelle nødvendige tilpassingar for å redusera smitterisiko. 
  • Dersom ein av arbeidarane utvikler symptom på covid-19 blir denne rekna som mistenkt sjuke, og skal då isolerast. 
  • Når det gjeld eventuelle spørsmål om kva konkrete arbeidsoppgåver arbeidarar kan utføra og kva dei eventuelt må bruka av smittevernutstyr, viser me til Folkehelsesinstituttet sine smittevernfaglege vurderingar. 

Arbeidsgivar har ansvar for at den enkelte arbeidar blir informert om gjeldande karanteneføresegner og at gjennomføring av desse blir lagde til rette for. 

Biblioteket

Opningstider:

Måndag og torsdag: 
Kl. 13:00–18:00

Tysdag og onsdag:
Kl. 10:00–15:00

Alle må halda seg til dei generelle smittevernråda ved bruk av biblioteket:

  • Du som besøker biblioteket må vera frisk og utan luftvegssymptom.
  • Du må bruka handsprit ved på veg inn og ut av lokalet.
  • Hald minst éin – 1 – meters avstand til andre brukarar.
  • Det kan vera fem – 5 – personar inne i lokalet om gongen. Biblioteket oppmodar om at heile familiar ikkje kjem samla, men at éin vaksen låner til alle.
  • Gjer opphaldet så kort som råd er, ikkje over 15 minutt.
  • Inntil vidare er det ikkje tilgang til aviser, tidsskrift, PC eller lesesal.

Dei som er i risikogruppa eller ikkje vil oppsøka biblioteket kan framleis senda ei bestilling og henta posen ved ytterdøra i opningstida til biblioteket.

Du kan bestilla slik:

  1. Bestill via bestillingsfunksjonen på nettsida vår: www.sveiobibliotek.no 
    Søk opp tittel, sjå om det er ledige eksemplar og trykk på bestill-knappen.
  2. Send e-post til biblioteket: biblioteket@sveio.kommune.no når du har funne dei ledige bøkene du vil låna.
  3. Har du ikkje tilgang til internett, kan du ringa inn bestillinga di på telefon 53 74 80 75

Henting:

Du får melding frå biblioteket når posane er klare for henting. Ring 53 74 80 75 når du står ved inngangen, personalet kjem ut med posen.

***

Meirope/sjølvbetent bibliotek er stengd inntil vidare.

 

Til bønder om beredskap og avløysar

Sveio avløysarlag er i beredskap for alle bønder i Sveio kommune.

Avløysarlaget har landbruksvikaren, samt fleire avløysarar i bakhand om ein treng hjelp!

Dagleg leiar av avløysarlaget, Solfrid Aasen, jobbar heimefrå i desse tider for å unngå smitte.

Kontaktinformasjon til avløysarkontoret:

E-post: solfrid.aasen@n-lt.no
Tlf: 974 08 400

Alle bønder bør ha ein beredskapsplan som dekker alle situasjonar som ein kan komma i. Blir du sjuk, har du fast avløysar som kan steppe inn? Dersom avløysar blir sjuk, kva gjer ein då?

For dei fleste bøndene i Sveio nærmar det seg nå den travlaste tida: lamming. Det er derfor viktig å ha ein beredskapsplan på kva ein skal gjera.

For dei av dykk som er i risikogruppa bør ein ha ein plan på kva ein gjer om situasjonen skulle bli alvorleg; kven kan i så fall komma og ta over?  

Rådgiving til lokalt næringsliv

Lokale næringsdrivande som opplev utfordringar i samband med koronasituasjonen kan få råd og hjelp av næringsselskapet Atheno.

I løpet av få dagar har det kome fram at enkelte bedrifter er sårbare når det no er sett i gong ein omfattande nasjonal dugnad for å nedkjempa koronaviruset. Mange opplev f.eks. kanselleringar og anna som gir fall i forventa inntekt og kanskje behov for å permittera tilsette. Næringsselskapet Atheno vil kunna gi rådgiving til næringsdrivande som no opplever store endringar i arbeidskvardagen.

Kommunen oppmodar alle bedrifter i kommunen som har behov for det, til å kontakt med Atheno. Sveio kommune har ein tenestekjøpsavtale med Atheno innan næringsarbeid. Sjå www.atheno.no.

Atheno har oppretta ei faggruppe med kompetanse på desse områda som vil kunna gi råd. Atheno arbeider tett med medlemsbedrifter og inkubatorbedrifter, og ønsker òg å hjelpa andre så langt det lar seg gjera.

Kommunen viser òg til regjeringa sine nettsider, for informasjon om tiltak for å dempa dei økonomiske verknadane av koronoasituasjonen. 

Kommunen oppmodar vidare alle til å ta i bruk dei digitale løysingane til NAV og ulike bransjeorganisasjonar.

Atheno held ope på Vabakkjen på Stord som vanleg førebels, men dei følger helsestyresmaktene sine råd knytt til møteverksemd og større samlingar av folk. Atheno er dessutan tilgjengelege både på telefon, e-post og videokonferanse.

 

Information in other languages

Korona – andre språk

Social benefits from NAV

Emergency phone number for questions regarding social benefits

Because of the corona situation NAV has changed the routines for applying to social benefits, for the time being. 

For emergency contact with NAV about social benefits, call + 47 476 08 496

Form

If you need to apply for social benefits, please print out the application form, fill ut out and put it in the mail box outside the NAV offices. 

 
If it is not possible for you to print the form, you can do this at the Service Office at the town hall ("kommunehuset").
  

If you are experiencing symptoms of the corona disease (Covid-19) or have experienced this during the last 14 days, or if you have visited antother country during the last 14 days, your are not to visit the town hall. In that case, please ask someone you know to get the application form for you.

Information in English

General information

General information on the coronavirus is availabe in English here:

The Norwegian Institute of Public Health

The Norwegian Directorate of Health

Information about home quarantine / home isolation

If you do not find the information you are looking for, you may call the Directorate of Health's information line on 815 55 015.

If you think you may have caught the virus, you should stay at home. If you need medical attention, contact your doctor by telephone or call the emergency out-of-hours clinic (116 117).

Testing

Inhabitants of Sveio that fulfills the criteria for testing for coronovirus are to be tested in Aksdal in the municipality of Tysvær. Call the testing facility on +47 52 75 74 00 between 08.30–15.00 on weekdays to clarify the need for and to book an appointment for testing. You can also book an appointment electronically here: https://helseboka.app/b/c/5193

Restrictions on visiting municipal buildings

If you are experiencing symptoms, or have experienced symptoms of coronavirus disease the previous 14 days, it is prohibited to visit municipal buildings, like the town hall, schools, care facilites etc. The same rule applies if you have visited another country in the last 14 days.  

Informacje w języku polskim
Informationen auf Deutsch
Informacija lietuvių kalba
Information in other languages

General information from the Norwegian Institute of Pulic Health in different languages, available here

Information from the Norwegian Institute of Pulic Healthabout home quarantine and home isolation in over 20 different languages, available here

The Norwegian Broadcasting Corporation (NRK) publishes information on national news (including information on the coronavirus) in Arabic, Kurdish and Dari on their website "Ny i Norge". Click here