Sveio kommune starta opp vaksinasjon av bebuarane på sjukeheimen (prioriteringsgruppe 1) i veke 1, og desse var ferdig vaksinerte i veke 5.
Kommunen har oppretta vaksinasjonssenter på Sveio soknehus. All vaksinasjon vil bli gjennomfør her, etter oppsett time.
Dei som er 75 år og eldre (prioriteringsgruppe 2 og 3) blir kontakta av kommunen på telefon (måndag/tysdag i aktuell vaksinasjonsveke), med tilbod om vaksine.
Alle innbyggarar mellom 18 og 74 år (fødd i 1946 eller seinare) kan no registrera seg i vaksinekø. Dette gjeld òg ungdom 16–17 år med underliggande sjukdommar/tilstandar med høg risiko for alvorleg forløp.
Trykk her for registrering til vaksinekø
Dersom du ikkje har moglegheit til å registrera deg sjølv, eller til å få hjelp av andre til å registrera deg, kan du ringa 948 84 650 måndag–fredag mellom kl. 09.00–11.00.
Du vil få ein SMS for timebestilling når det blir din tur til å få vaksine.
Med oppmodar alle til å registrera seg i vaksinekø så snart som mogleg, slik at me kan senda deg melding når det er din tur til å få vaksine.
Kommunen får beskjed 1–2 veker i forkant om kor mange vaksinasjonsdosar og kva type vaksine me får.
Publisert 19. februar 2021