Arrangement på Sveiotorget

Vestavind v/Irene Flatnes Haldin Torget nedanfor kommunehuset i Sveio sentrum kan lånast til arrangement.

Søknad om bruk av Sveiotorget

Kontakt eining for drift og anlegg på postmottak@sveio.kommune.no dersom du ønsker å låna plassen. Skriv gjerne "Sveiotorget" i emnefeltet. 

Bruk følgande oppsett i e-posten: 

Informasjon om arrangement: Her skriv du kva arrangement e.l. søknaden gjeld, samt kva organisasjonar/firma som er involverte. 

Organisering: 

  • Her skriv du korleis arrangementet skal gjennomførast og korleis oppgåvene er fordelte mellom deltakarane.
  • Lag ei kontaktliste med namn, telefonnummer og oppgåver/funksjon til konkrete personar (slik at kommunen kan kontakta ansvarlege ved behov, f.eks. ved ulukker).
  • Lag ein enkel HMS-plan (kven har HMS-ansvar, vil førstehjelpsutstyr vera tilgjengeleg).

Vedlegg: Legg ved enkel teikning av plassering av utstyr på torget. 

***

Eventuelle detaljar rundt tiltak (straum o.l.), blir avklarte i gjennomgang med drift og anlegg etter mottatt søknad.

Søknad til brannvesenet

Nokre arrangement er søknadspliktige til brannvesen, det må søkar sjølv ta seg av.

Les meir om dette her: Arrangement – Haugaland brann og redning IKS (hbre.no)