Fartein Valen

Fartein Valen blei født i Stavanger 25. august 1887. Han via livet sitt til mellom anna å komponera musikk. Valen er blant dei mest kjende komponistar Noreg har fostra, men er meir anerkjent i utlandet for sitt virke enn her heime.

Fartein Valen sitt mest kjende verk er "Kirkegården ved havet". Tittelen er inspirert av Leirvågen, ein stad du finn i kommunen vår og som er vel verd eit besøk.

Ida Kristin Vollum

Valenheimen

Heimen til komponisten Fartein Valen (1887–1952). Huset er bygd i enkel sveitsarstil av far til komponisten, Arne Valen, i 1903. Huset blir brukt i samband med kulturarrangement, og som feriebustad for komponisten sin familie. Her er det etter avtale råd å få omvisning og høyre litt om Valen sitt liv og musikken hans.

Huset med innbu er godt bevart, m.a. er pianoet fullt restaurert og blir brukt i konsertsamanheng. Huset er eit vanleg bustadhus og ikkje eit konsertlokale; likevel blir det gjennomført konsertar i Valenheimen i samband med Fartein Valen-festivalen, i tillegg til andre konsertar det er naturleg å legga til staden.

Prosjekt Fartein Valen

Sveio kommune ønsker med arbeidet kring Fartein Valen å ta vare på ein viktig del av vår lokale og nasjonale kulturarv. Då arbeidet starta som eit prosjekt i 1994, var det med ei målsetting om å gjera mennesket og komponisten Fartein Valen betre kjent blant eit breitt publikum. For å nå dette målet har ein sett i verk fleire ulike tiltak: konsertar, utstillingar, foredrag, omvisingar, emnehefte for grunnskulen, styrking av Fartein Valen-dagane, og eit Fartein Valen-stipend. Det blei i år 2000 òg tatt initiativ til etablering av ein Fartein Valen-pris til ein utøvar.

Arrangement og konsertar kan ein følga med på nettsida til Fartein Valen-prosjektet, her.

Valenheimen har ein huskomité som står for drifta av huset, og der forholdet mellom det offentlege og private er regulert gjennom ein avtale. I tillegg blir Kolerakyrkjegarden i Leirvåg, Valen kapell og Valestrand kyrkje nytta som arenaer for arrangement. Det blir òg lagt vekt på eit godt samarbeid med Haugesund kommune. 

Farten Valen-minneåret 2022

Neste år er det jubileum for fleire hendingar knytt til Fartein Valen sitt liv og virke, og 2022 er derfor erklært som eit minneår for komponisten – med eit program med arrangement frå februar til november. 

Fartein Valen-stiftinga har utarbeidd eit informasjonshefte i samband med minneåret, og denne kan du lesa i sin heilskap her (PDF, 315 kB)

Nokon av hendingane som ligg til grunn for 2022 som minneår for Fartein Valen er: 

  • Det er 70 år sidan Farten Valen gikk bort, 14. desember 1952.
  • Det er 75 år sidan Fartein Valen fekk sitt internasjonale gjennombrot. 
  • Det er 40 år sidan Farten Valen-festivalen blei etablert.

Følg med på Sveio kommune sine kanalar for informasjon om programmet for minneåret i tida som kjem!