Sveio har eit aktivt idrettsmiljø og er veleigna for mange ulike friluftsaktivitetar. Me har også flotte turområde og utfartsområde for båt.
Sveio I.L.
Fotball - Håndball - Fotball - Volleyball - Friidrett- - Allidrett & Seniorlag.
Sjå meir informasjon om Sveio IL på Friskus.com
Idrettshall:
Idrettshallen ligg i Sveio sentrum, i det nye skule- og kulturbygget Vigdartun. I idretthallen er det mange aktivitetar i løpet av veka, blant anna vollyball, allidrett, fotball, karate og drill.
Karate:
Karateklubben har trening i Førde og i Sveio. Sjå meir informasjon om Sveio karateklubb på Friskus.com
Skyting:
Haugesund og Sveio skyttarlag tilbyr rifleskyting på ny, flott innendørs 15-metersbane (bygd i 2019), pluss 100meter og 200m utandørsbane. Klubben har kvart år skyteskole for unge mellom 10-18 år, og har faste treningstider kvar veke for ungdom.
Sjå meir informasjon om Haugesund og Sveio skyttarlag på Friskus.com
Orientering:
Sveio turorienteringslag tilbyr turorientering, Stolpejakt, Foto-orientering, Nærtrim i skog og mark, konkurranseorientering, Vinter-t-o-ur, m.m
Sjå meir informasjon om Sveio Orienteringslag på Friskus.com
Symjing
Svømmekurs for born. Sjå tryggivann.no for påmelding på kurs. Alle kurs arrangeres på Håvåsen skole.
Sjå meir informasjon om Haugesund Svømmeklubb på Friskus.com
Golf:
Haugaland Golfklubb, Sveio, er distriktet sin største og eldste golfklubb. Golfklubben har tilbod til alle uansett alder. Har du lyst til å prøve golf er det bare til å ta kontakt.
Sjå meir informasjon om Haugaland Golfklubb på Friskus.com
Hestesport:
Tjernagel leir og fritidssenter arrangerer ridekurs og leirar.
Ta kontakt med Hanne Løvland på telefon: 916 36 601
Det er eit aktivt miljø med kursing og ridetilbod rundt Valestrand Hestesportlag, som har lagt ut ei øvingsbane.
Barnas turlag
Sveio kan by på mange flotte naturperler og barnas turlag har eit ønske om at alle skal få mulighet til å oppleve kor fint det kan vere å komme seg ut i naturen. De fleste av turane er lokalt i Sveio, men innimellom tek turlaget også turen til abokommunane på Haugalandet.
Sjå meir informasjon om Barnas Turlag på Friskus.com
Sveio turlag
Turlaget arrangerer fotturar lokalt i Sveio og i nabokommunane, rydder, merker og skilter turstiar i Sveio Kommune. Arrangerer også sosiale sammenkomster.
Sjå meir informasjon om Sveio Turlag på Friskus.com.
Friluftsliv
Sveio kommune er veleigna for ulike friluftsaktivitetar, med skiftande natur og rik tilgang til vatn, sjø, fjell og utmark. Vi har fire større turområde i Sveio, kalla ”Trollavassnibba”, ”Emberlandsnibba”, ”Dreng” og ”Padlane”. I tillegg ønskjer er området Lyngholm/Ryvarden egna til turar.
Gå til artikkel "På tur i Sveio" for informasjon om flotte fotturar i Sveio.
Bade- og rasteområde (friområde)
Det er sikra fire friområde i kommunen: Holsvika, Selsåsvika, Slettene og Leirvåg. Desse er det friluftsrådet som har forvaltningsansvaret for. Mjelkeneset ved Vigdarvatnet blir og mykje nytta i badesesongen.
Båtutsetjingsrampe til allmenn bruk:
Ved Sveio båtforening sitt anlegg i Buavåg er det rampe for utsetjing og opptrekking av båtar. Rampa er open for allmenn bruk etter avtale mellom båtforeninga og Sveio kommune.
Sport- og fritidsfiske:
Det er fiskekortordningar i Vigdarvassdraget og Liervassdraget. Fiskekort kan kjøpast nett her.
Dei fleste vatna i kommunen har fisk. Bekkar og elvar er rike på aure og ofte eigna til fiskeplass i nærmiljøet, men er og ofte lite tilgjengelege pga. kratt og andre hindringar. Det er stort sett grei tilgang til fiske i sjø frå land.