Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken er eit nasjonalt satsingsfelt med overordna målsettingar. Det er vedteke følgjande mål for Den kulturelle skulesekken:

 

  • Å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kulturtilbod
  • Å legge til rette for at elevar skal få tilgang til, gjere seg kjende med og få eit positivt forhold til kunst- og kulturutrykk av alle slag
  • Å medverke til å utvikle ei heilskapleg integrering av kunstnarlege og kulturelle utrykk i realisering av skulen sine læringsmål
  • Å gje born oppleving og styrke deira eiga skaparevne
  • Å styrke born si evne til å stille spørsmål, og stimulere til kritisk vurdering

Den kulturelle skulesekken tek sikte på å utvikle ei heilskapleg integrering av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av læringsmåla i skulen, mellom anna ved å trekke inn kunstnarar og kulturarbeidarar og nytta kunst- og kulturinstitusjonane sine ressursar og kompetanse i skulen si verksemd. Verksemda er tufta på eit godt samarbeid mellom skule- og kultursektor. Målsettinga er at alle born skal få høve til å oppleve kunst  og kulturutrykk av høg kvalitet, med håp om at dei får og vidareutviklar eit aktivt og positivt forhold til kunst og kulturuttrykk.

DKS i Sveio kommune baserer sin aktivitet på turnetilbod frå Hordaland fylkeskommune. Desse tilboda blir tildelt frå det store turneprogrammet fylkeskommunen tek ansvar for å gje kommunane. I tillegg til fylkeskommunen sine tiltak, har Sveio kommune eigne produksjonar/tiltak. Det er forsøkt å få fordelt tiltak i regi av skulesekken på dei ulike årstrinna. I tillegg er det eit mål om å gje elevane eit tilbod innan ulike kunst- og kulturuttrykk i dei ti åra dei går på skulen her.

Plan for Den kulturelle skulesekken i Sveio kommune skuleåret 2016/2017 (blir sendt link så snart den er ferdig – forhåpentlegvis denne veka)

Turnetilbod frå Hordaland fylkeskommune som kjem til Sveio skuleåret 2016/2017 og meir informasjon får om Den kulturelle skulesekken i Hordaland sjå http://hordaland.ksys.no

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 03.11.2016