Fartein Valen

Fartein Valen vart fødd i Stavanger 25. august 1887. Han via sitt liv mellom anna til å komponere musikk. Han er blant dei mest kjende komponistar Noreg har fostra, men er meir anerkjend i utlandet for sitt virke enn her heime.
Fartein Valen sitt mest kjende verk er "Kirkegården ved havet". Tittelen speglar på Leirvågen, ein stad du finn i kommunen vår og som er vel verd eit besøk.

Valenheimen - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

Valenheimen
Heimen til komponisten Fartein Valen (1887 - 1952). Huset er bygd i enkel sveitsarstil av far til komponisten, Arne Valen i 1903. Huset blir brukt i samband med kulturarrangement, og som feriebustad for komponisten sin familie. Her er det etter avtale råd å få omvisning og høyre litt om Valen sitt liv og musikken hans.

Huset med innbu er godt bevart, m.a. er pianoet fullt restaurert og blir brukt i konsertsamanheng. Siden huset er eit vanleg bolighus er det ikkje heilt enkelt å ha konsertar der. Likevel blir det gjennomført konsertar i Valenhuset i samband med Fartein Valen-festivalen i tillegg til andre konsertar det er naturleg å leggje til staden.


Prosjekt Fartein Valen
Sveio kommune ynskjer med arbeidet kring Fartein Valen å ta vare på ein viktig del av vår lokale og nasjonale kulturarv. Då arbeidet starta som eit prosjekt i 1994, var det med ei målsetting om å gjere mennesket og komponisten Fartein Valen betre kjent blant eit breitt publikum. For å nå det har ein sett i verk fleire ulike tiltak: konsertar, utstillingar, foredrag, omvisingar, emnehefte for grunnskulen, styrking av Fartein Valen Dagane, Fartein Valen Stipend.

Det vart i 2000 også teke initiativ til etablering av ein Fartein Valen Pris til ein utøvar. Valenheimen har ein huskomite som står for drifta av huset, og der tilhøvet mellom det offentlege og private er regulert gjennom ein avtale. I tillegg vert Kolerakyrkjegarden i Leirvåg, Valen kapell og Valestrand kyrkje nytta som arenaer for arrangement. Det vert og lagt vekt på eit godt samarbeid med Haugesund kommune. 

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 03.11.2016