Idrett og friluftsliv

Sveio har eit aktivt idrettsmiljø og er veleigna for mange ulike friluftsaktivitetar. Me har også flotte turområde og utfartsområde for båt.

foto_ida_kristin_vollum_(2).jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

Med idrett forstår ein aktivitet i form av trening, eller konkurranse i den organiserte idretten. Anleggssituasjonen i Sveio kommune er relativt god. Dei fleste idrettane i Sveio har god tilgang til treningsanlegg. Registrerte idrettar i Sveio kommune er:

Idrettsregistreringa viser at det er 7 idrettslag som er tilslutta Sveio idrettsråd, fordelt på 14 avdelingar med totalt 800 medlemmer. Aktivitetar som blir tilbydt er riding, volleyball, friidrett, vassport, golf, handball, skyting, klatring, karate og orientering.  

Utanom gymnastikksalane i kommunen er det lagt godt til rette for aktivitet i idrettshallen i Vigdartun. I Vigdartun har ein i tillegg til volleyballhallen med garderobeanlegg, klatrevegg og innandørs skyteanlegg. Utandørs skyteanlegg finns i Førde. Haugaland golfklubb har si heimebane i Sveio golfpark med 18 holsbane, drivingrange og klubbhus.

Fotball: Sveio har i dag grasbane (sentralidrettsanlegget) og to grusbanar med lys (Sveio sentrum). Grusbanen ved Valestrand er oppgradert.

Friidrett: Sentralidrettsanlegget i Sveio har friidrettsdel med fast banedekke.

Idrettshall: Idrettshallen ligg i Sveio sentrum, i det nye skule- og kulturbygget Vigdartun. I idretthallen er det mange aktivitetar i løpet av veka, blant anna vollyball, allidrett, fotball, karate og drill.

Karate: Karateklubben held til i Vigdartun. Dei har eigen nettstad og facebook side. Sveio Karateklubb

Skyting: Sveio har eit skyteanlegg med bane og hus mellom Førde og Røykenes. Anlegget er eigd av Sveio skyttarlag, som har mange aktive skyttarar.

Orientering: Sveio O-lag er aktive og dreg stadig fleire med ut på turorientering. Det er utarbeidd orienteringskart over ulike område i kommunen, men det er behov for fleire og konkrete planar ligg føre.

Symjing: Eitt basseng – 12,5 m. i Sveio skule. Bassenget blir brukt i skuletida og det er publikumsbading etter skuletid. Haugesund svømmeklubb arrangerer også kurs for nybegynnarar og vidaregåande. For påmelding gå til nettsida www.tryggivann.no og søk opp Haugesund svømmeklubb.

Golf: Sveio golfbane stod ferdig med 9 hol våren 2001. I 2008 blei den nye 18 hols golfbanen ferdigstilt. Banen har status som interkommunalt idrettsanlegg. I tillegg har Sveio golfbane eige klubbhus.

Vassport: Sveio seilforening har base i Buavåg.

Fart og spenning: Ei gruppe ungdomar i Sveio har teke initiativ og fått sett opp rampe for rullebrett. Dette området ønskjer ein å arbeida vidare med.

Nærmiljøanlegg: Vi har eit ganske nytt nærmiljøanlegg i Auklandshamn. Fleire anlegg er under planlegging og i alt 10 anlegg av ulike slag står på prioriteringslista for søknad om spelemidlar.

Hestesport: Hesteinteressa grip om seg og stadig fleire har hest som fritids- og idrettsaktivitet. Det er eit aktivt miljø med kursing og ridetilbod rundt Valestrand Hestesportlag, som har lagt ut ei øvingsbane. Det er og eit privat anlegg med ridebane på Tjernagel. Dette blir nytta til leirar, kurs og riding for born.

Friluftsliv: Generelt er Sveio veleigna for ulike friluftsaktivitetar, med skiftande natur og rik tilgang til vatn, sjø, fjell og utmark.Gå til artikkel "På tur i Sveio" for informasjon om flotte fotturar i Sveio.

Tur- og utfartsområde: Vi har fire større turområde i Sveio, kalla ”Trollavassnibba”, ”Emberlandsnibba”, ”Dreng” og ”Padlane”. I tillegg ønskjer er området Lyngholm/Ryvarden egna til turar. Lag og organisasjonar i kommunen har merka ein del turløyper, og nokre av desse er med på opplevingskartet for Sveio.
Gå til artikkel ""På tur i Sveio"

Bade- og rasteområde (friområde): Det er sikra fire friområde i kommunen: Holsvika, Selsåsvika, Slettene og Leirvåg. Desse er det friluftsrådet som har forvaltningsansvaret for. Mjelkeneset ved Vigdarvatnet blir og mykje nytta i badesesongen.

Båtutfartsområde: Dei viktigaste utfartsområda for båt er rundt Buavåg - Mølstrevåg – kommunegrensa, Førdespollen og vestsida av Tittelsnes.

Sport- og fritidsfiske: Det er fiskekortordningar i Vigdarvassdraget, Liervassdraget og Langavatnet. Det siste har rullestolbrygge.
Dei fleste vatna i kommunen har fisk. Bekkar og elvar er rike på aure og ofte eigna til fiskeplass i nærmiljøet, men er og ofte lite tilgjengelege pga. kratt og andre hindringar. Det er stort sett grei tilgang til fiske i sjø frå land.

Publisert av Natalia Soto Danmo. Sist endra 24.03.2017

Kontakt

Marit Liknes
Rådgjevar kultur