Retningsliner for tildeling av kulturpris

 

Generelt

Det kan annakvart år delast ut ein kulturpris i Sveio kommune. Kulturprisen skal vera eit diplom og ein kunstgjenstand. Storleiken på kulturprisen vert fastsett for kvart år i samband med budsjetthandsaminga.

Formål

Kulturprisen skal primært vera ein honnør for langvarig og/eller særs betydningfull innsats for kulturlivet i Sveio.

Kandidatar

Kulturprisen kan delast ut til enkelt personar, grupperingar eller organisasjonar for deira innsats for kulturlivet i kommunen. Kulturprisen kan ved særskilde høve delast ut til personar busett utanfor kommunen, men som likevel fremjer kulturlivet i Sveio.

Prisen kan normalt berre delast ut ein gong til same person/lag.

Grunnlag

Forslag på kandidatar skal vera skriftleg og kort beskrive kandidaten og gje ein vurdering av kandidaten sitt arbeid for kulturlivet.

Friviljuge organisasjonar, kulturinstitusjonar, einskildpersonar m.v blir oppfordra til å komme med grunngjeve forslag på kandidatar.

Tildeling

Avgjerd om kven som får prisen, blir teke av det utvalet som får avgjersmynde, etter Sveio kommune sitt delegeringsreglement. Sakshandsamar på kulturavdelinga førebur saka, som blir lagt fram utan forslag til vedtak.

Dei som har avgjerdsmynde kan og fremje forslag på kandidatar, men forslag må vera fremja innan utvalet har starta sitt arbeid.

Utdeling

Utdeling av kulturprisen blir gjort av ordføraren i Sveio kommune ved eit høveleg arrangement.

Forslagsfrist  31. mai

 

Vedtekne i kommunestyret sak 041105 19.09.05

 

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 12.06.2018