Retningsliner for tildeling av kulturstipend

Generelt

Det kan annakvart år delast ut kulturstipend i Sveio kommune. Storleiken på kulturstipendet vert fastsett i samband med budsjetthandsaminga.

Formål

Kulturstipendet skal primært delast ut innan områda idrett og kultur. Stipendet skal vera til hjelp for stipendmottakarane i vidareutvikling innan sitt område, og også tena som stimulans til vidare innsats for kulturlivet i kommunen.

Kriteria

Kulturstipendet deles primært ut til einskildpersonar fra Sveio kommune. I spesielle tilfelle kan stipendet gis til ei gruppe. I særlege tilfelle kan stipendet gis til personar som ikkje er busett i Sveio kommune, men som pa ein eller annan måte er knytt til kulturlivet eller idrettsmiljøet i kommunen.

Stipendet skal delast ut etter følgjande hovudkriteria:

  • Søkjar skal grunngje søknaden best mogleg og vise til korleis stipendet skal nyttast.
  • Stipendet skal i prinsippet ikkje kunne delast ut med sikte på ordinærere studiar.
  • Stipendmottakar skal gje ein kort rapport om bruk, erfaring og utbytte.
  • Dersom ikkje anna er avtalt skal tildelt stipend nyttast til omsøkt formål innan eitt år etter tildeling.

Tildeling

Avgjerd om kven som får stipendet, blir teke av det utvalet som har avgjerdsmynde, etter Sveio kommune sitt delegeringsreglement. Sakshandsamar på kulturavdelinga førebur saka, som blir framlagt utan forslag til vedtak.

Den som har avgjerdsmynde står fritt til å vurdera om det skal delast ut stipend, og kor mange som skal delast ut.

Utdeling

Utdeling av kulturstipendet blir gjort av ordføraren i Sveio kommune ved eit høveleg arrangement.

Søknadsfrist: 31. mai

Vedtekne av kommunestyret i Sveio 19.09.05 sak 05/722

 

 

 

 

 

 

 

Publisert av Vibeke Berge Vierdal. Sist endra 12.06.2018